Det er ikkje mykje å fortelja om den longe vegen heim i frå København, men ein ting kan ein notera seg. Om det var fordi eigaren førte bilen eller om det var at den kjende seg heime i norden veit eg ikkje, men Volvoen starta i København og på kvar einaste plass eg stogga på veg heim, noko den ikkje har hatt for vane å gjera dei siste dagane. Ellers var turen omtrent like spanandes som det plar væra å køyre på Europas dårlegaste veiar, (Det er iallfall den André-ratinga norske europavegar fekk og det er vanskeleg å være ueineg. Til og med Autobahn kjendes plutseleg ikkje så gale lenger.) men me kom oss heim. Me var heime sundag 14 juli klokka 23.00, på minuttet 16 dagar etter avreise.
Oppsummering
Om ein skal komma med ei generell oppsummering først må det være:
Om du har ein 22 år gammal Volvo, 20-30 tusen kroner, to gode vennar, og 16 dagar fri tilrår me på det grøvste å ta med deg bilen på Europatur.
Då me først kom til å tenkje på denne turen, var me alle noko skeptiske til om bilen kom til å greie det, med til nærare avreise me kom, til meir overtydde vart me om at det kom til å gå fint. Bilen presterte godt heile veien og sett vekk i frå litt ulydar, eit mysterisk motorstopp og dei tinga me var klar over, hadde me ingen problem med bilen i seg sjølv. Air condition hadde vore ein fordel, men rikeleg med reine t-skjorter kunne sikkert ha veid litt opp. Det hadde me sjølvsagt ikkje og på tredje resirkuleringa av den skjorta som lukta minst, må ein ha vindauget ope uansett, då hjelper det lite med air condition.
Me tok heilt i frå start sikte på å komma oss så fort som mogeleg nedover til plassar me ikkje hadde vore før. Det førte til nokre longe dagar i bilen i byrjinga, men det betalte seg når me kunne ta oss ein kviledag i byar som Paris og Nice. Det førte óg til at me kunne ta kortare etappar på dei varmaste plassane og få nytt litt sumarvêr på dagtid der. Me har fått sett mange av dei store byane i Europa og nesten alle i Frankrike, om me skulle ha gjort noko annleis måtte det ha vore å brukt enda meir tid på dei mest interessante plassane og vitje fleire store byar som t.d. Barcelona, Milan og Berlin, men me hadde diverre ikkje tid og råd det denne gongen.
Av dei store byane var Monaco stilig, eit land i ein skråning mellom Italia og Frankrike og i Paris kan ein jo gå og sjå i vekesvis, men byen som sjarmerte oss mest må ha vore Basel. Det var eit stopp, mest for å ha ein plass å sova om natta. Me kom seint fram og hadde ingen forventingar, men vart fantastisk godt motteke av lokalbefolkninga og det kjendes litt som å væra heima for ei stund etter to veker på reisefot.
Eg lyt nytta høvet her til å takka dei to reisekumpanane mine som trass stor usemje i gruppa til tider, holdt ut med både meg og kvarandre slik berre gode vener greier. Så til André og Mads, takk for ein utruleg kjekk tur, eg kan ikkje tenka meg nokon andre eg heller ville hatt med på tur igjen enn dykk to. Eg må og få takka alle dykk som har fulgt bloggen, delt med andre, snakka om oss, tipsa Sunnhordland og vore gode støttespelarar både på telefon, kommentarfeltet og på sosiale medier gjennom heile turen. Me har prøvd etter beste evne og så longt forholda har tillete å gje dykk heile historia med regelmessige oppdateringar sjølv om det nokre dagar har vore lite å melda. Så tusen takk til alle dykk her heime, turen hadde ikkje vore det samme utan dykk.
Me er no alle tre glade for å vera heime, men har hatt ein fantastisk tur og eg trur Volvoen har kost seg og. Me karane kunne lett ha gjort det igjen og Volvoen virkar ikkje å ha teke skrekken, så kven veit kanskje det vert ein «Europatur i Volvo 2» ein gong i framtida, men akkurat no skal me, «ugly bags of mostly water» ha oss ein velfortend avslappande ferie og Volvoen skal få seg eit oljeskift og ein service.
-Vidar
Var utrolig kjekt å få vera med på turen.
Takkar for at du stile opp med bil din Vidar for at me skulle få ein fantastisk tur i lag 🙂
Angra vertfall ikkje på denne turen, anbefaler andre å prøva det og.
Velkommen hjem!
Har vore kjekt å følga dåke, bloggen er skreven på ein måte so ein nesten føle at ein er deltagar på turen. Har lest han opp for Nybru-besto, ho meina du sku vore journalist, ingen dårlig attest da.
Velkommen heim!