På vår ferd gjennom Europa har me hatt få bilproblem og ingen me ikkje var klare over før me reiste. På veg til København fekk me eit, men å skulda gammal bil blir kanskje litt drygt. Brukarfeil er vell meir presist, men om ein skal vera heilt presis kan me nok kalla det god gammaldags udugeleghet.
Tende på å komma oss heim starta me tidleg frå Hannover. GPS-en melde om ei køyretid på 5-6 timar til kongens by, men visse faktorar førte til at me brukte eit del meir tid. Allreide tidleg fekk me styrka vår mistanke om tysk fellesferie, trafikken var tett, men mangel på tungtransport hjalp ei stund, før det utpå formiddagen var full stopp. Etter ein time i snigelfart byrja det endeleg å løyse seg, me svingte av på ein bensinstasjon for å fylla tanken på bilen og tømme tanken på dei reisande. Då me kom inn mot bensinstasjonen viste det seg at me ikkje var dei einaste som hadde den planen, heile rasteplassen var tjukk i bilar og køen for til bensinpumpene long som eit vondt år. Brått såg André at det var bensinpumper med longt mindre kø på andre sida av stasjonen og me heiv oss ut til høgre. Det viste seg fort, som me kanskje burde ha forstått, at det var dieselpumper for lastebilar, men innelåst i ein raskt voksande kø hadde me ikkje anna val enn å fortsetja gjennom og ut av stasjonen. No var gode råd dyre. Det hadde allreide lyst ei stund på lavt drivstoffnivå og køkøyring er sjeldan spesielt drivstoff-økonomisk. Me ba GPS-en om å syne oss vegen til den næraste bensinstasjonen. Beskjeden me fekk var at den var 1,5 mil vekke, ikkje heilt avskrekka, men heller ikkje overbeviste, kryssa me fingrane og køyrde roleg longs den lilla stripa på GPS-en. Ikkje lenge etter såg me den umiskjennelege Shell-logoen i horisonten.
-Forbi krysset her og så er me der.
-Faen. Me skulle ha teke av i det krysset.
Panikken var no total, men på GPS-kartet såg me ein landsby like framføre oss og det var merka av fleire bensinstasjonar i sentrum. Ikkje nok med det, men det var nedoverbakke i tillegg. Me jobba oss forsiktig mot destinasjonen då André plutseleg sa:
-No er det tomt, den har ingenting å gje.
Han sette på naudlysa og sette bilen i fri, det var no eller aldri. Eg peikte ut ein omtrentleg kurs: Neste «Ausfart» og så strakt framover. Det var ikkje longt, det kunne gå. Godt hjelpne av nedoverbakken, fekk me svingt av motorvegen. Det kom til å gå! Rundt svingen konstaterte me at det ikkje var høve til å køyra strakt framover som GPS-en insinuerte. Me fortsette rundt svingen og opp bakken på motsett side, André gav bilen eit siste nudge over toppen akkurat i det den kvelde seg. Det var igjen nedoverbakke og GPS-en hadde funne ei alternativ rute. Den nye ruta gjekk i motsett retning av det forrige forslaget, men kanskje den hadde funne ein nærare drivstoffentrepenør. I den longe nedoverbakken vart me meir og meir sikre på at den britsike kvinnestemma på GPS-en hadde forrådt oss igjen, ho viste ingen bensinstasjon framfor oss på kartet og ruta ho synte gjekk opp igjen på motorvegen. I 15 km/t nådde me botn av bakken, det var ingen håp om å kunna rulla lengre, men me stod heldigvis ikkje midt på Autobahn. Me «parkerte» Volvoen i ei lomme i ein tunnel som gjekk under vegen over oss. Det var gjort, 1-0 til det forræderske britiske kvinnfolket.
André tok på seg refleksvesten og gjekk for å setje opp varseltrekanten, medan Mads og eg tussla oppover vegen for å sjå om det var sivilisasjon i nærleiken. Oppe på toppen såg me det som kunne minna om ein tettstad like rundt svingen og ganske riktig, rett rundt svingen berre ein kilometer i frå stoppestaden låg det ein bensinstasjon. Me kjøpte ein bensindunk og fyllte den med passande væske. På veg attende til bilen, gjorde me vårt beste for å ikkje møte blikka til dei møtande sjåførane som utan tvil hadde sett den gamle Volvoen med varseltrekanten og no såg to luringar med bensinkanne, men det var ein varm dag og latteren var lett å høyra gjennom opne bilruter. Etter at me hadde tømd kanna over på tanken byrja den tunge jobben med å skubba i gong to tonn med svensk stål og skitne klede i oppoverbakke, for startaren var sjølvsagt ikkje samarbeidsvilleg. Etter mykje hosting og hiksting frå både vår og bilen si side starta den. Me køyrde dei siste 800 metrane til bensinstasjonen og fyllte opp resten av tanken. Me var tilbake i kampen og Danmark låg framfor oss i all si flate prakt.
Me kom fram til Hotellet i København, eit såkalla sjølvbetjeningshotell og doktoren gjorde sitt beste for å reie opp sovesofaen. Etter mykje blod, svette og tårer fekk han bukt med senga og gutane var no nydusja og klare for Sting-konsert i Tivoli. Sting presterte som alle middelaldrane menn i Tivoli, dei gjer sitt beste, men ser slitne ut mot slutten. Om dette kategoriserer oss som middelaldrande menn veit eg ikkje, men me var slitne mot slutten me og runda av kvelden med eit par av dei faste attraksjonane, pils og rollercoasters.
I skrivande stund er me heime på norsk grunn og reknar med å nå sumarøya rundt klokka 23. Siste ordinære del av reisebloggen og oppsummeringa av turen kjem i morgon, men me er ikkje heime enda så følg med.
Ps. Bilete kjem seinare då mobilnettet her på fjellet er under einkvar kritikk.
-Vidar