Oppdrag fullført ei oppsummering

IMG_20130714_224521Kort om siste etappen

Det er ikkje mykje å fortelja om den longe vegen heim i frå København, men ein ting kan ein notera seg. Om det var fordi eigaren førte bilen eller om det var at den kjende seg heime i norden veit eg ikkje, men Volvoen starta i København og på kvar einaste plass eg stogga på veg heim, noko den ikkje har hatt for vane å gjera dei siste dagane. Ellers var turen omtrent like spanandes som det plar væra å køyre på Europas dårlegaste veiar, (Det er iallfall den André-ratinga norske europavegar fekk og det er vanskeleg å være ueineg. Til og med Autobahn kjendes plutseleg ikkje så gale lenger.) men me kom oss heim. Me var heime sundag 14 juli klokka 23.00, på minuttet 16 dagar etter avreise.

Oppsummering

Om ein skal komma med ei generell oppsummering først må det være:

Om du har ein 22 år gammal Volvo, 20-30 tusen kroner, to gode vennar, og 16 dagar fri tilrår me på det grøvste å ta med deg bilen på Europatur.

Då me først kom til å tenkje på denne turen, var me alle noko skeptiske til om bilen kom til å greie det, med til nærare avreise me kom, til meir overtydde vart me om at det kom til å gå fint. Bilen presterte godt heile veien og sett vekk i frå litt ulydar, eit mysterisk motorstopp og dei tinga me var klar over, hadde me ingen problem med bilen i seg sjølv. Air condition hadde vore ein fordel, men rikeleg med reine t-skjorter kunne sikkert ha veid litt opp. Det hadde me sjølvsagt ikkje og på tredje resirkuleringa av den skjorta som lukta minst, må ein ha vindauget ope uansett, då hjelper det lite med air condition.

Me tok heilt i frå start sikte på å komma oss så fort som mogeleg nedover til plassar me ikkje hadde vore før. Det førte til nokre longe dagar i bilen i byrjinga, men det betalte seg når me kunne ta oss ein kviledag i byar som Paris og Nice. Det førte óg til at me kunne ta kortare etappar på dei varmaste plassane og få nytt litt sumarvêr på dagtid der. Me har fått sett mange av dei store byane i Europa og nesten alle i Frankrike, om me skulle ha gjort noko annleis måtte det ha vore å brukt enda meir tid på dei mest interessante plassane og vitje fleire store byar som t.d. Barcelona, Milan og Berlin, men me hadde diverre ikkje tid og råd det denne gongen.

IMG_1981Av dei store byane var Monaco stilig, eit land i ein skråning mellom Italia og Frankrike og i Paris kan ein jo gå og sjå i vekesvis, men byen som sjarmerte oss mest må ha vore Basel. Det var eit stopp, mest for å ha ein plass å sova om natta. Me kom seint fram og hadde ingen forventingar, men vart fantastisk godt motteke av lokalbefolkninga og det kjendes litt som å væra heima for ei stund etter to veker på reisefot.

Eg lyt nytta høvet her til å takka dei to reisekumpanane mine som trass stor usemje i gruppa til tider, holdt ut med både meg og kvarandre slik berre gode vener greier. Så til André og Mads, takk for ein utruleg kjekk tur, eg kan ikkje tenka meg nokon andre eg heller ville hatt med på tur igjen enn dykk to. Eg må og få takka alle dykk som har fulgt bloggen, delt med andre, snakka om oss, tipsa Sunnhordland og vore gode støttespelarar både på telefon, kommentarfeltet og på sosiale medier gjennom heile turen. Me har prøvd etter beste evne og så longt forholda har tillete å gje dykk heile historia med regelmessige oppdateringar sjølv om det nokre dagar har vore lite å melda. Så tusen takk til alle dykk her heime, turen hadde ikkje vore det samme utan dykk.

Me er no alle tre glade for å vera heime, men har hatt ein fantastisk tur og eg trur Volvoen har kost seg og. Me karane kunne lett ha gjort det igjen og Volvoen virkar ikkje å ha teke skrekken, så kven veit kanskje det vert ein «Europatur i Volvo 2» ein gong i framtida, men akkurat no skal me, «ugly bags of mostly water» ha oss ein velfortend avslappande ferie og Volvoen skal få seg eit oljeskift og ein service.

-Vidar

God bil, dårlege bilistar. Trøbbel på Autobahn.

IMG_2054

Stilig bilde. Eg tenkte det gjorde seg med eit bilete i toppen her óg.

På vår ferd gjennom Europa har me hatt få bilproblem og ingen me ikkje var klare over før me reiste. På veg til København fekk me eit, men å skulda gammal bil blir kanskje litt drygt. Brukarfeil er vell meir presist, men om ein skal vera heilt presis kan me nok kalla det god gammaldags udugeleghet.

Tende på å komma oss heim starta me tidleg frå Hannover. GPS-en melde om ei køyretid på 5-6 timar til kongens by, men visse faktorar førte til at me brukte eit del meir tid. Allreide tidleg fekk me styrka vår mistanke om tysk fellesferie, trafikken var tett, men mangel på tungtransport hjalp ei stund, før det utpå formiddagen var full stopp. Etter ein time i snigelfart byrja det endeleg å løyse seg, me svingte av på ein bensinstasjon for å fylla tanken på bilen og tømme tanken på dei reisande. Då me kom inn mot bensinstasjonen viste det seg at me ikkje var dei einaste som hadde den planen, heile rasteplassen var tjukk i bilar og køen for til bensinpumpene long som eit vondt år. Brått såg André at det var bensinpumper med longt mindre kø på andre sida av stasjonen og me heiv oss ut til høgre. Det viste seg fort, som me kanskje burde ha forstått, at det var dieselpumper for lastebilar, men innelåst i ein raskt voksande kø hadde me ikkje anna val enn å fortsetja gjennom og ut av stasjonen. No var gode råd dyre. Det hadde allreide lyst ei stund på lavt drivstoffnivå og køkøyring er sjeldan spesielt drivstoff-økonomisk. Me ba GPS-en om å syne oss vegen til den næraste bensinstasjonen. Beskjeden me fekk var at den var 1,5 mil vekke, ikkje heilt avskrekka, men heller ikkje overbeviste, kryssa me fingrane og køyrde roleg longs den lilla stripa på GPS-en. Ikkje lenge etter såg me den umiskjennelege Shell-logoen i horisonten.

-Forbi krysset her og så er me der.

-Faen. Me skulle ha teke av i det krysset.

Panikken var no total, men på GPS-kartet såg me ein landsby like framføre oss og det var merka av fleire bensinstasjonar i sentrum. Ikkje nok med det, men det var nedoverbakke i tillegg. Me jobba oss forsiktig mot destinasjonen då André plutseleg sa:

-No er det tomt, den har ingenting å gje.

IMG_2013

Slik kan det gå med ein stakkars Volvo ved grov uaktsomhet.

Han sette på naudlysa og sette bilen i fri, det var no eller aldri. Eg peikte ut ein omtrentleg kurs: Neste «Ausfart» og så strakt framover. Det var ikkje longt, det kunne gå. Godt hjelpne av nedoverbakken, fekk me svingt av motorvegen. Det kom til å gå! Rundt svingen konstaterte me at det ikkje var høve til å køyra strakt framover som GPS-en insinuerte. Me fortsette rundt svingen og opp bakken på motsett side, André gav bilen eit siste nudge over toppen akkurat i det den kvelde seg. Det var igjen nedoverbakke og GPS-en hadde funne ei alternativ rute. Den nye ruta gjekk i motsett retning av det forrige forslaget, men kanskje den hadde funne ein nærare drivstoffentrepenør. I den longe nedoverbakken vart me meir og meir sikre på at den britsike kvinnestemma på GPS-en hadde forrådt oss igjen, ho viste ingen bensinstasjon framfor oss på kartet og ruta ho synte gjekk opp igjen på motorvegen. I 15 km/t nådde me botn av bakken, det var ingen håp om å kunna rulla lengre, men me stod heldigvis ikkje midt på Autobahn. Me «parkerte» Volvoen i ei lomme i ein tunnel som gjekk under vegen over oss. Det var gjort, 1-0 til det forræderske britiske kvinnfolket.

IMG_2015

Doktoren i handgemeng med sovesofaen.

André tok på seg refleksvesten og gjekk for å setje opp varseltrekanten, medan Mads og eg tussla oppover vegen for å sjå om det var sivilisasjon i nærleiken. Oppe på toppen såg me det som kunne minna om ein tettstad like rundt svingen og ganske riktig, rett rundt svingen berre ein kilometer i frå stoppestaden låg det ein bensinstasjon. Me kjøpte ein bensindunk og fyllte den med passande væske. På veg attende til bilen, gjorde me vårt beste for å ikkje møte blikka til dei møtande sjåførane som utan tvil hadde sett den gamle Volvoen med varseltrekanten og no såg to luringar med bensinkanne, men det var ein varm dag og latteren var lett å høyra gjennom opne bilruter. Etter at me hadde tømd kanna over på tanken byrja den tunge jobben med å skubba i gong to tonn med svensk stål og skitne klede i oppoverbakke, for startaren var sjølvsagt ikkje samarbeidsvilleg. Etter mykje hosting og hiksting frå både vår og bilen si side starta den. Me køyrde dei siste 800 metrane til bensinstasjonen og fyllte opp resten av tanken. Me var tilbake i kampen og Danmark låg framfor oss i all si flate prakt.

IMG_2047

Sting, ein klassisk middelaldrande mann i Tivoli.

Me kom fram til Hotellet i København, eit såkalla sjølvbetjeningshotell og doktoren gjorde sitt beste for å reie opp sovesofaen. Etter mykje blod, svette og tårer fekk han bukt med senga og gutane var no nydusja og klare for Sting-konsert i Tivoli. Sting presterte som alle middelaldrane menn i Tivoli, dei gjer sitt beste, men ser slitne ut mot slutten. Om dette kategoriserer oss som middelaldrande menn veit eg ikkje, men me var slitne mot slutten me og runda av kvelden med eit par av dei faste attraksjonane, pils og rollercoasters.

IMG_2025

Vårt høgkulturelle alibi i København. Balletten i Tivoli.

I skrivande stund er me heime på norsk grunn og reknar med å nå sumarøya rundt klokka 23. Siste ordinære del av reisebloggen og oppsummeringa av turen kjem i morgon, men me er ikkje heime enda så følg med.

Ps. Bilete kjem seinare då mobilnettet her på fjellet er under einkvar kritikk.

-Vidar

Tyskland, andre forsøk

Då me vart nogle påseila i Basel kom me seint ut i frå start, at fredagens etappe var ein long ein i tillegg hjalp ikkje, men me starta ut med freidig mot. Planen var å gje Tyskland ein ny kjangs og sjå om me fekk André til å oppjustere landet på André-indeksen. Me hadde sirkla oss inn på Hannover, ein by som me eigentleg ikkje visste så mykje om, men då Tyskland er kjend som eit øl-land, kunne det ikkje gå verre en i Hamburg.

IMG_2002Det viste seg at å komma seg i frå Basel i retning Hannover på det som er nødt til å vera første fredag i den tyske fellesferien, skulle ta ein del meir tid enn me forventa. Det at det var første fredag i fellesferien visste me ikkje når me reiste og veit enda ikkje om det var det, men om det var ein normal fredag er eg glad eg ikkje er pendlar i Tyskland. Turen skulle ta omlag 6,5 timar og den første timen gjekk greit, men så starta det. Ein uendeleg kø som stoppa, gjekk greit ei stund, stoppa, gjekk fint og stoppa igjen. Det endte med at me brukte ni timar i staden for dei seks/sju me hadde tenkt. André degraderte Autobahn til dårlegare enn den franske motorvegen, trass bompengar i landet i vest.

Då me endeleg kom fram på hotellet, sletne og svette innsåg me at me hadde tinga oss rom på eit slags fancy spa-hotell. Korleis me hadde greidd det veit me enda ikkje, då me plar å halda oss til billege hotell, men me var godt nøgde. Eit lite minus var at dette var det første og muligens det einaste hotellet i Europa som krev betaling for å nytta internett. Heldigvis var det høve for å nytta kabel til laptopen på rommet og oppkoplinga var for ein gongs skuld stabil og rask. Dette førte til at eg fekk trødd bloggen kjapt ut medan doktoren testa badekåper og etter ein kort tur i dusjen var me klare for «Tysklands-bonuskjangse».

IMG_2012Rett rundt hjørna på hotellet fann me den første pubben, det viser seg at det finns pubbar i Tyskland, noko sjølv André no vedgår. Like bortforbi fann me óg «The Chattanoga cho cho» og me kjende oss sikre på å finna vegen heim. Me var som vanleg plassert sentralt og fann fort ein plass å få oss ein rask kvelds. Det viser seg at det er eit uttal av pubbar på kvart einaste gatehørne i Hannover ein bråte med butikkar og handlegater. Diverre gjorde forsinkinga vår at alle butikkane var stengde og den einaste måten å teste den lokale handelsstanden på var pubbane, men som gode turistar hadde me eit par punkt å krysse av på lista først. Me fekk teke bilete av den lokale kjørkja som var utstyrt med eigen Luther-statue og det gamle rådhuset, som visstnok óg er ein attraksjon.

IMG_2008Kvelden byrja å gå mot slutten, men me fekk oss eit glas av det lokale brygget i ein ølhage like ved operaen før me starta på tilbaketuren. Eg har tidlegare skrytt hemningslaust over doktorens kirurgiske pressisjon når det gjeld å finne attende til hotellet og kalla han tidlegare ein «tysk brevdue». Problemet kan liggja i «tysk» delen, for i Hannover var han hjelpaslaus. Me fulgte doktorens ordre og spasserte litt til høgre for Chattanoga cho choen, nedover ei sidegate gjennom ein park full av lokal udugeleg ungdom. Eg insinuerte noko om å bli rana, men doktorens direkte kommentar var «Dei skal vera jævlig svære dei karane som skal prøva å rana oss», her pressiserte eg at både doktoren og André vart rana av to døve småjenter i Paris, men eg holdt fast i lommeboka og fulgte motvillig etter. Heldigvis vart me ikkje rana, men etter eit kvarter gange hadde doktoren hadde mista sporet. Slukøyra snudde me opp igjen mot der me hadde sett The chattanoga cho cho og byrja på den longe veien opp igjen gjennom smaua. Då me fann trikken, var det openbart kva veg hotellet var og det var ikkje lenge før doktoren var tilbake i badekåpa.

Etter nøyen vurdering har André no oppgradert Tyskland og vedgått at det finns pubbar der. Han held enda fast ved at Hamburg er Europas dårlegaste by, me har lova å gje Autobahn ein ny kjangs i dag, laurdag. Eg kan avsløra at det ikkje ser lovande ut, men meir om det i morgon. In other news: Volvoen har no ikkje starta utan skubbehjelp sidan Frankrike, men me har bestemd oss for å ta førehandsreglar ved stans og ynskjer å køyre den heim slik den er. Meir om å angra på det i morgon…

-Vidar

Basel, Volvoen er på veg heim

Som tidlegare notert er ikkje temperaturen på den franske rivieraen noko for oss vintervande normenn, dette, det at me har vore lenge på tur og dei rådande økonomiske forhold gjorde at me torsdag sette kursen nordover. Volvoen starta på første forsøk, noko den har for vane å gjere når den får stå i parkeringshus. Det kan henda den berre er bortskjemd. Me køyrde i frå Nice via Italia og inn i Sveits, me var offisielt på veg heim.

IMG_1980

Sveits by Volvo.

På veg mot Sveits stogga me på ein bensinstasjon/café i Italia og André som har for vane å dømma heile land etter sine begrensa erfaringar gjorde ikkje noko unntak for Italia. Som de sikkert hugsar hadde me ein del problem med å finna ein dugande pubb i Hamburg og André har no vurdert at det ikkje finns pubbar i Tyskland og at Tyskland er eit hôl som ingen har gleda av å vitja. Denne vurderinga gjorde han utelukkande ut i frå den eine kvelden i Hamburg. Denne gongen har han overgått seg sjølv og konkludert med at Italia er fandens bakgård og at han ikkje ville ha sendt sin verste fiende der for å døy. Alt dette basert på ein bensinstasjon i eit fjellpass nord i landet. Grunnen? Ein noko kluren metode for å tinga mat. At metoden var vond for oss som ikkje talar språket er ei riktig vurdering, ein laut først sjå på kva ein ville ha, så gå til andre enden av butikken for å tinga og betala for å deretter returnere til utgongspunktet med kviteringa, der dei fann maten til deg. Eg veit ikkje om eg er eineg i at Italia er den største elenda som har ramma oss sidan svartedauden, men det er André si vurdering.

IMG_1986

Idylliske scenar i Sveits.

Planen var no å komma seg så longt nord som mulig utan at det var for seint på kvelden slik at me fekk nokre timar til å sjå oss rundt. Me landa på Basel, ein passeleg stor by heilt nord i Sveits omlag ein kilometer frå den tyske grensa. Då me annkom hotellet såg me at me nok ein gong hadde fått hotel like ved trikken eller the chattanoga cho cho som me kallar alle formar for light rail og trikk som passerer våre hotell. Me var glade for å sjå trikkespora då erfaring syner at det tyder at ein er havna ganske nær sentrum og ein har høve til, som me har gjort fleire gongar på turen, følga etter trikken heim, så ein finn att hotellet. Ein anna måte å oppnå det samme er å følga etter Mads som har rettningssans som ei tysk brevdue, men eg føretrekk å følga the chattanoga cho cho. Hotellet kunne óg skilta med alle fasilitetar, både dusjforheng og toalettlokk. Det var litt sytti-tallsstemning på badet, men det var enkeltsenger til alle, røkeballkong og me var godt nøgde med Basel så longt. André notérte Sveits som Europas nest beste land, berre slått av Spania der det var basseng på hotellet.

IMG_1994

Rhinen med badarar.

Me tussla ut i gata og ganske riktig var me nok ein gong plassert i midt i byen. Me hadde oss ein ankerdram, som no er blitt ei pils på den næraste uteserveringa då den spanske brandyen rett og slett ikkje er drikkande og tussla nedover hovudgata. Då me kom til Rhinen vart me ståande ei stund i den kjærkommne kalde brisen på ei bru og kikka på ungdommen som bada. Det såg sikkeleg kult ut, liggja på eit slags badedyr og hyla nedover elva i eit forrykande tempo for å så prøve å symje inn til land i den strie straumen. Synd at me ikkje fekk prøvd oss på det, men eg mistenkjer at me urutinerte elvebadarar fort hadde havna i Nederland… Me tok tradisjon tro bilete av den lokale kyrkja, i tilfelle den var kjend og styrte mot ein plass å eta. Inne i ei sidegate skulle me akkurat til å snu då det berre var ein resturant der som ikkje såg så voldsom ut, men avgjersla om å gje faen og berre eta der vart teken då me var svoltne etter den longe turen over fjellet. Det angra me ikkje på!

IMG_2001

Den lokale kyrkja. Er den kjend?

Inne på resturanten vart me raskt uthevne av servitrisa, ei blid og hyggeleg dame med upåklagelege engelskkunnskapar. Å bli utheven i Sveits tyder tydelegvis å bli geleida ut på uteresturanten der det var longt meir liv enn i det pubbaktige lokalet innomhus. Me fann noko som såg ut som lokalt øl på drikkemenyen og vart annbefalt av servitrisa å prøve Mac Ueli, eit nytt ale brygga i annledning ein nært føreståande militær-tatto. Me drakk det opp til den upåklagelege maten, ølmarinerte kotteletter og lett dampa grønsaker. Då maten var oppeten tinga me oss ei Ueli øl til og spurte, mest for å konstatere det me allreide hadde forstått, om det var eit lokalt øl, bryggja i Basel. Me forventa ikkje svaret. Ølet var bryggja i kjellaren av ein lokal bryggjerimeister, som forøvrig sat på bordet bak oss.

20130711_230212

Idiotar på pubb i Basel.

Der var ein jevn gjennomtrekk av folk som var innom og hadde seg eit par pils av det høgs lokale ølet og før me visste ordet av det hadde me drukke oss gjennom mesteparten av Ueli-utvalet. Me kom i prat med nokre lokale heltar på eit bord bortforbi oss og nett då me hadde gjort opp rekninga og planla å runde av kvelden, lokka dei oss med på ei siste øl med dei før pubben stengde. Me vart tilbudt kvar vår sigar og takka sjølvsagt ikkje nei, det kan jo hende det er særs dårleg kotyme i Sveits. Etter mykje lått og løye mellom dei galne nordmenna i den svenske tanksen og han med den uforståelege lokale dialekta, som sjølvsagt berre snakka på eige språk, vart me innviterte attende til Basel i mars på carneval, me takka for tilbudet, noterte litt nettadresser og trakk oss omsider tilbake for kvelden, eller rettare sagt vart uthevne igjen då pubben stengde, denne gongen rett på gata.

No er me i bilen på veg nordover i Tyskland der me satsar på eit pit-stop i aften, fredag. Om denne ekstrakjangsen til Tyskland greier å heve Andrés vurdering av landet veit me enda ikkje, men de skal sjølvsagt få oppdatering i morgon som alltid.

-Vidar

Monaco, og så har me juksa littegrann.

IMG_20130710_185649

«Småbåthavna» i Monaco.

Me tok onsdag turen til verdas minste land med kystlinje, Moncao. Ein by kjend for store båtar, dyre bilar og formel 1. Då Volvoen ikkje akkurat er dyr, rask eller spesielt vanntett juksa me litt og lot den stå i Nice, medan me som faktisk er dyr tok toget over grensa. Berettninga om vår dag i fyrstedømmet kan de lesa alt om i siste postlagde utgåve av doktorens reisebrev under innleiinga. Me set straks kursen heimover, men frykt ikkje det er eit stykke heim og me held dykk sjølvsagt oppdatert kvar dag fram til Volvoen forhåpentleg er parkert heime i Myro.

-Vidar

Kjære Mamma

20130710_185805

Residensen til Albertn.

Send meir pengar, eg har vert på kasino i Monaco….

Sånn kunne eit desperat brev (eller kanskje tekstmelding i våre dagar) heim til ho mor ha byrja etter ein hektisk dag i Monaco.

Monaco er det nest minste landet i verden etter Vatikanstaten, men i motsetning til vatikanstaten er Monaco ein kjekk plass med ca. tretisjutusen inbygarar, som er styrt av Prins Albert. Prins Albert av monako er så vidt eg kan forstå over gjenomsnittlig populæt (til statsoverhoder å vera) Då det er bilete av han og maddamen i dei fleste butikka.

IMG_1965

Ein av «småbåtane».

Monaco er kjendt for tre ting: rike folk, Formel 1 og gambling. At det er eit land fult av rikingar var ganske openlyst, då det var fleir Rols Roys bilar der enn det var tiggarar, og ein liten tur i småbåthamna avslører at dei er glade i det enkle båtlivet. Formel 1 er og tingen her, det ser ein når ein ser alle dei tossne turistane som har latt seg lura til å kjøpa spinndyre (og dritstygge) t-shorter som det står Grand Prix Monaco skrått nedover heile brystkassen i utheva gullbokstavar.

Sjå på dette som eit tillegg til Doktorens reisekotyme.

Gamblig: Skal ikkje fåregå under nokon omstendighetar, då dette må vera den mest ubruklige måten å kasta bort pengar på. Viss du på død og liv har lyst til å kasta bort eit par hundre lokale trepengar som du ikkje får noko gled for, har eg her lista opp nokre alternativ til dykk: Gi dei til dei av dei locale tiggarane. Kjøp ein gudbråte med drit på ein av dei lokale suvenirsjappene (koppar, t-shorte,vesker, handkled og anna ubruklig nips som det stå ¨I ❤ sett inn plass du er´ på). Hiv dei på sjøden.

Me ankom Monaco med tog tidlig på ettermiddagen, togturen var relativt udramatisk sjølv om enkelte i reisefølge hadde yttra storebekymringar om at detta kom me ikkje til å få til.

IMG_1975

Ein tilfeldig utvald bil i Monaco.

Etter ein del kjøring i heis kom me oss av togstationen og ut i varmen, og varme det er noko dei har riklig av i Monaco, etter ca hundre meter var me søkk igjenomvåte av svette. Men me ga ikkje opp av den grunn, då me oppdaga at heile landet er ein stor skråning gikk motet litt i frå oss, men som eit kvart land som har fleire luksusyatch enn innbygarar har dei og ein mengde utendårsheisar!? Som dei andre i reisefølet ville nytta men eg nekta, då det er eit velkjendt faktum at det er kun demokratar som tar heis..

20130710_171714

Doktoren spekulerer i The International Herald Tribune.

Vårt opphald i Fyrstedømmet var rimelig begivenhets frit då me bare var der i nokre timar, me såg på båtane, bilane, dei altfor dyre butikkane og folkelivet. Me prøvde oss til og med som ¨fanboys¨då me såg ein stor folkemengde utforbi eit hotell, som tydligvis stod å venta på nokon kjende. Me heiv oss med og blei ståande der i ca. Ti min. Før me kom til konklusjonen om at dette var teit og me gikk. (kven dei stod å venta på er uvist men me trur det var eit kvinnemenneske)

Eg vil annbefale dykk å prøva Monaco, men viss dykk ikkje er mange milionærar (viss dykk er så må dykk gi beskjed så skal me nok bli gode vener :-P) så er det sikkert like greit å gjere som me gjorde, å ta toget frå Nice.

Vyrdsamt.

Doktoren.

Very Nice

Etter eit par fuktige kveldar longs den franske riveeraen fann me ut at det var på tide med litt kulturell føde. Me plotta inn den franske handlebyen me trudde me skulle til i går og sa farvell til Marseille. Bilen starta på første forsøk då me køyrde i frå Marseille og starta igjen då me hadde fyllt bensin litt nærare Nice. Då me kom inn til Nice viste det seg at det pågjekk ein del ombyggjingar og at det var fullt i dei fleste velplasserte parkeringshusa. Me vart køyrande rundt i sirklar ei god stund, men fann til slutt fram til eit kjøpesenter med parkering i kjellaren. Då me kom ut viste det seg at dei ikkje var så hakkande longt i frå hotellet og me gratulerte kvarandre med vel utført transportetappe.

IMG_1925Eit raskt søk på «Museums near me» hjå google synte oss at me ikkje trong å gå så longt for å få vårt sårt etterlengta påfyll av kultur. Marc Chagall-museumet låg berre 500 m oppi vegen. Det me ikkje var klar over var at det var 500 meter med trapper. Dryppande svette stod me der, framfor døra til det kunstneriske geniet som meg me eigentleg ikkje hadde høyrt om. Me hadde lese wikipedia-artikkelen og kjende oss relativt trygge på kva som kom til å møta oss. Det me ikkje forventa var den låste porten og lappen som me tolka i retning. «Stengd». Slagne vendte me tilbake til hotellet, men den longe trappebestigningen hadde ført til at det siste settet med reine klede no var gått samme vegen som alle dei andre kleda. Det var på tide med ein shoppingtur. Eksklusive som me er, me var jo trass alt i handlemekkaet Nice, gjekk me strakt til H&M, der førte dei alt me trong og i løpet av få minuttar var me ute igjen og på veg mot ein fortend dusj på hotellet.

IMG_1926Me forstod at me ikkje fekk til kulturdelen og tenkte me heller skulle ta oss ein runde og sjå den kjende strandpromenaden i staden. På veg til stranda snubla me over ein jazz-festival, og kva er vell bedre kulturalibi enn å hevda at ein reiste til Nice for å gå på jazz-festival.

Etter mørkets frambrudd, forlot me jazzfestivalen for å få oss litt forfriskningar. Doktoren hadde lenge hevda at André og eg ikkje likar drykk, då han nesten alltid er ferdig med øla si før oss. Me lurte på om det kunne vera det motsette som var realiteten, at doktoren likar drykk for godt. Me konspirerte opp ein plan for å sjekkka om han framleis likte drykk når drykken var jevvle. Valet fallt på Mai Tai og det var ikkje eit dårleg val. Den vart servert med stjerneskudd og paraply, men det stogga ikkje doktoren. Han supte den i seg med største velbehag. Det var gjort. Det viser seg at me ikkje likar drykk.

IMG_1939 I skrivande stund jobbar me enda med å komma oss ut av hotellet, Doktorens Mai Tai vart diverre ikkje den siste i drykk-seleksjonen i går og me havna før me visste ordet av det på jakt etter nattklubb. Heldigvis føydde det seg inn i den etterkvart longe rekka av ting me ikkje fekk til. Då me aldri greier å få til det me har tenkt skal eg ikkje lova noko om morgondagens bloggpost, men noko skal me alltids finna på.

-Vidar

Den gløymte by

IMG_1918

Småbåthavna i Marseille.

Då me forlot «hotellet» i Montpellier på måndags morgon var me klare for sumar, sol og bading i Nice, men då me skulle finne ut kva hotellet heitte for å leggje det inn på GPS-en fann me ein annan reservasjon i Marseille. Mads og eg kunne vagt hugsa noko om Marseille, men André hadde overhodet ingen minne om at me hadde tinga hotell der. Det er sjølvsagt mulig at hotella vart tinga i ei vinskodde og med den gode marineringa me hadde i Montpellier må ein vell forvente at enkelte minner vert noko vage. For å forsikra oss sjekka me reservasjonen i Nice og ganske riktig, den var for tysdag. Mads tok tok hurtigt ei avgjersle om ein Madsisk kvit dag, altså berre drikka ein 4-5 pils. Me la om kursen og førebudde oss på ein kveld i Frankrikes eldste og nest største by.

IMG_1915

Innseglinga, med bilete av det «ukjipe» fortet.

Bilen var framleis litt rysta etter opplevinga dagen før og krevde å bli skubba i gong, me oppfyllte ønsket og før me visste ordet av det var me nok ein gong ute på den franske motrovegen. Me har etterkvart lært oss korleis det er og denne dagen var ikkje noko annleis. Svett, klammt og varmt, med vidauga opne så ein slepp å høyra musikken og ikkje kan samtala. Heldigvis var óg dette ein tur som skulle ta eit par timar. Då me nerma oss Marseille havna me i klammeri med GPS-en, eller dvs. den forstod ikkje heilt kva tunell me var i. Etter ein halvtimes backtracking greidde me omsider å snu og prøvde om att. Denne gongen lot me oss ikkje lure og kom oss fram til hotellet akkurat i tide til innsjekking.

Hotellet låg ca 20 minuttars gonge frå sentrum og me bestemde oss for å ta lunch i nærleiken før me tussla innover. Me avstod frå pils til lunchen og kom på at me hadde gløymt ankerdrammen óg. Akkurat det med ankerdrammen er like greit, då me har drukke opp den fine Bache XO-en og erstatta den med ein jevlege spansk brandy.

IMG_1924

Ei lokal kjørkja, ingen gateopptøyer her heller.

Nede på havna i Marseille såg me litt på båtane, det er ganske mange, men mistenkte at det måtte vera noko tursitverdig å sjå i nærleiken så me oppsøkte ein resturant med wifi-tilhøve. Her sjokkerte Doktoren oss alle ved å bestille ein runde med pils. Heldigvis er servitørane i Frankrike under middels drevne i engelsk og då servitrisa kom attende hadde ho med seg tre koppar kaffi. Kaffien må ha vore sterk, me fekk iallfall grodd nok brøsthår til å bestille oss nokre flasker pils når den var oppdrukken. Ved hjelp av naboresturantens WIFI fann me ein par aktuelle turistattraksjonar og sette ut mot eit av dei to kystforta som voktar innseglinga til havnebyen. Me fekk teke nokre klassiske turistfoto, men mistenkjer enda at me valgte det kjipe fortet. Me brukte dagen på å kikke rundt i byen og vitje diverse franske caféar og avslutta med middag på torget. På veg heim song me Marseillasen for full hals for å blande oss med lokalbefolkninga og kanskje gå klar dei mange gateopprøra me har høyrd så mykje om. Me såg ingenting til gateopprør, men gjekk forbi to 12 år gamle jenter som antageleg var misfornøgde med eitkvart.

No er me overtydde om at neste stopp er Nice og har dobbeltsjekka fleire gongar. Om me finn det er eit heilt anna spørsmål, men det får de evt. lesa om i morgon.

-Vidar

Motorstopp longs motorvegen

Me sette sundag ut frå  Platja del hmmgmm, med kurst for Montpellier. Me hadde ambisjonar om å finna eit klima som var litt bedre tilpassa våre nordiske gener, det fekk me ikkje til, men me var rimeleg sikkre på at me skulle ta inn på eit av dei shadyaste hotella på denne sida av Sahara og det fekk me til.

IMG_20130707_121146

Eit tragisk syn longs den franske motorvegen…

Der som skulle vera ein relativt kort tur på 3-4 timar tok brått ei anna vending då me to mil i frå destinasjonen, fekk problem med bilen. Eg sat og skreiv gårsdagens blogginlegg og hadde knappt sett punktum på linja om gode bilprestasjonar før André seier: No er me i gong, den gir ikkje gass. Og ganske riktig turtalet var stadig synkande og det samme var farta. André gjorde eit par forsøk på hente inn situasjonen med litt clutching, gassing og giring men ingenting hadde noko effekt, turtalet var framleis synkande og me hadde ikkje noko anna val enn å svinga oss ut i vegskuldra. Me gjorde nokre siste desperate forsøk medan me framleis rulla og akkurat då me hadde gitt opp gjorde bilen eit host og eit hark og var tilbake i form. Me svingte av på ein bensinstasjon nokre hundre meter lenger framme og då skjedde det igjen. Hosting harking og generell motvilje. Me trilla bort til ein parkeringsplass og bilen tok seg litt inn igjen. På parkeringsplassen stod bilen og putra, den gjekk svært ujamnt. Me spekulerte litt i kva som kunne vera problemet og gjekk inn på bensinstasjonen for å sjå om dei hadde noko som kunne hjelpa oss. Det hadde dei ikkje der gjekk det i pølser og usb-ladarar. Mads føreslo som vanleg at det måtte væra forgassaren som trakk falsk luft, men André spekulerte i tett bensinfilter eller rusk i bensinen. Medan me stod og såg ut som om me visste kva me dreiv med byrja bilen å hoste og harke, eg prøvde å gje litt pådrag, men det var håplaus, den gjorde eit par siste host og kvelte seg.

IMG_1882

Palme ved reisens slutt?

Då ein av mulighetane var rusk i bensinen skubbde me bilen ned til bensinpumpene og fyllte opp tanken i tilfelle den Spanske bensinen er like fin som den lokale rødvinen. Etterpå lot me den stå og kvile seg ei stund medan me sjekka ulje, kjøleveske o.l. alt såg bra ut. Me bestemde oss for å skubbe bilen rundt til ein skyggefull parkeringsplass på baksida der det kanskje var mulig å sjå over bensinfilteret. André gjorde eit forsøk på å starte medan Doktoren og eg skubba og der eit gnist av håp. Vår tidlegare pålitelege gamle Volvo hosta og hoppte til noko voldsomt, men greidde akkurat å få rotert motoren. André svingte den bak på parkeringsplassen og tok eit par rundar for å gjere den meir medgjørleg. Då han parkerte gjekk den som ei klokke og dersom den hadde tyggd seg gjennom noko rusk såg den ut til å vere grei no. Me gjorde ein vurdering etter beste evna om at dersom det er rusk så er det sikkert enklare å tygge seg gjennom på motorvegen med jamnt turtal. Me seig ut og la oss i høgre fil med 2500 omdreingar og køyrde roleg dei siste to-tre mila. Me oppdaga ingen teikn på at noko var gale på den siste beten og parkerte med tru på at Volvoen var tilbake i normal drift.

IMG_1897

Eit klassisk motiv av kampen mellom det gode og det onde.

Me fekk rett i våre mistankar om Hotel Abasun Montpellier, men fekk litt forhåpningar då det var air condition i «lobbyen», det var det sjølvsagt ikkje på rommet, eller det var den virka berre ikkje. Varmen var uutholdeleg, men me spylte av oss det verste av bilturen og opna vindauget, det hjalp ikkje mykje.  For å oppsummere nokre av kvalitetane til hotellet: Ingen heis, ikkje dusjforheng, mangla brytardeksel på lysbrytaren, Mads mangla hovudpute, dyne og handkle i si 1,5 meter longe seng og sjølvsagt krona på verket ingen toalettsete. Me vart ikkje lenge på hotellet, men gjekk raskt ut for å finna turistatraksjonane.

IMG_1885

Mi nye favorittkjørkje, den med det høga spiret som syner vegen til den irske pubben.

Me hadde oss ein lett lunch med tilhøyrande sterkøl på torget og brukte føremiddagen på å leite etter turistatraksjonar. Me fant fleire både aquaductar og katedralar, men den beste var St. Anne kjørkja som låg like ved ein Irsk pubb. Kjenneteikn på Irsk pubb: Den heiter noko med o», teppe på golvet, Guiness på tapp, britisk betjening og ein generel look. Me hadde oss eit par pils i skuggen av eit tre og spekulerte i om det var på høg tid å få oss noko skikkeleg fransk mat til midag.

IMG_1889

Ein katedral, den er visst kjend…

Me lot oss huka av ein innkastar som virka dreven i engelsk, men fann fort ut at det ikkje gjaldt heile betjeninga. Me lot servitøren bestemme middagen då kommunikasjon var utelukka. Han kom attende med Foie gras og grillspyd med muslingar og and. Me valgte å avstå la vin rouge då me allreide var litt pådregne, men hadde oss eit skikkeleg herremåltid med pils til. Etter maten returnerte me til den irske pubben, der me oppdaga at dei førte magners på tapp. Me var solgt, eit finare eksemplar av Irsk pubb. Me vart sitjande i til uti dei seine nattestimar, kva diskusjonen dreide seg om hugsar me sjølvsagt ikkje.

No nærmar me oss neste destinasjon, ein by me ikkje visste me skulle til. Les meir om det i morgon. Og gløym ikkje Andrés dropbox som inneheld mykje fleire bilete.

-Vidar

Catalonia

Exit France.

Etter vår snarlege exit frå sølvkysten i Frankrike gjekk turen sydover mot Spania. Bilturen var nokså klassisk, Mads las avisa og var DJ, André køyrde og eg blogga. Like før grensa fekk eg ein telefon i frå arbeid og før eg visste ordet av det sat eg i forhandlingsmøte med konsernleiinga på ein bensinstasjon i sydfrankrike. Det var forsåvidt greit nok, men temperaturen i bilen der eg har mitt vesle kontor vart fort høg når eg lot att vindauga for å høyre kva som vart sagt. Me fekk kjøpt oss eit termometer på bensinstasjonen og det viste det me allreide mistenkte. Både Temperaturen og atmosfæren var som i eit gresk bad.

Ankomst Catalonia.

IMG_1851Me parkerte Volvoen på gata i Patja del eitelleranna, og tussla det me trudde var dei 100 metarane til hotellet. Det viste seg at me som vanleg hadde lagt inn heilt noko anna en hotellet på GPS-en og dei 100 metrane vart fort ein liten kilometer. Når me hadde sjekka inn gjekk André og eg for å henta bilen, det var jo sjølvsagt rikeleg med parkering på hotellet. Volvoen stod i all si prakt og glinsa i solveggjen, men den var utsleten etter ein long dag i varmen og starta ikkje då me ville flytta den. Me lot den få ein halvtimes kvil medan me tok oss ein snack og tilkallde Mads i tilfelle me måtte skubbe den i gong. Etter den korte pausen var bilen klar for nye oppdrag og starta villeg opp igjen. Me parkerte på hotellet og tok turen ut for å sjå på dei lokale pubbane. (Meir om dette mot slutten av bloggposten.)

Jakta på den tapte sjåfør

IMG_20130706_105152Der var ein varm og solrik sumarmorgon i Platja del asdf og dei tre omreisande i europaekspedisjonen tok seg eit morgonbad som vanleg ved bassenget etter frukost. Brått gjekk det opp for to av medlemmane at tredjemann, sjåføren André var sporlaust forsvunnen. 

-Eit klassisk tilfelle av spontanantenning, eg har sett det fleire gongar under boerkrigen.

Sa ekspedisjonsdoktoren, Dr. Nielsen, men vart fort nedstemd av ekspedisjonens velgjerar den stadig aldrande Herr Haslum som sa.

-Tull, spontanantenning skjer berre med alkoholiserte rednecks som røker på senga. 

Medan dei diskuterte alternative grunnar til forsvinninga og like før dei var blitt einege om at Chtulu var den mest sannsynlege forklaringa, spratt doktoren til.

-Ser du den unge herren med den polske kostebarten, der borte?

Herr Haslum skulte over si eiga skulder og ganske riktig. Den tykkladne herren i førtiåra stod der i fullt syne og telde sine spanske trepengar. Han plukka ut ein femmar og gav den til jenta i iskremkiosken.

-Du har rett, kjøp av iskrem er eit velkjend KGB teikn for vellukka bortføring og polsk kostebart har aldri leda til noko godt.

Utbraut Herr Haslum, som hugsa så altfor godt kostebartskandalen dei mesterleg hadde avverga ved eit besøk på den franske ambasaden i Montenegro nokre månadar tidlegare.

Det var åpenbart at sjåføren hadde vorten bortført og dei to gjenværande ekspidisjonsmedlemmane lot ikkje noko tid gå i frå seg. Dei gjekk rett opp og bytta til kakiuniformen, som er obligatorisk arbeidsantrekk ved jakt på bortføringsmenn i varmare strøk.

20130706_105126Etter klesbytte gjekk dei til den lokale kiosken for å kjøpa seg siste utgåva av The International Herald Tribune, ein går jo ikkje på ekspedisjon utan å ha lese utanriksnyhendene. Etter ein dryg time med kaffi og nyhetlesing på ein gatecafé, gjekk dei to taktfast ned på strandpromenaden for å få seg ei pils. Ein går jo ikkje på ekspidisjon edru, det endar med at ein går og higar etter det lokale brygget i staden for å gjere ærleg etterforskningsarbeid.

Djupt inne i finansdelen av the Herald og på femte eller sjette øla høyrde dei to kumpanane ei kjend stemme.

-Nei!, har eg gått glipp av enda ein ekspedisjon? Det var André, sjåføren.

Det viste seg at han hadde komme over ei gruppe med lettkledde senoritas, med eit mistenkjeleg armband og fulgt etter dei til stranda for å myse på dei og finne ut kva ulovlegheitar dei dreiv med. Etter eit par knallharde timar med bading og soling, konkluderte han med at det var eit all-inclusive armband frå eit hotell i nærleiken og gav opp.

-Det er jo eit velkjend faktum at all-inclusive armband tyder mafia, og denslags skal alltid overlatst til det lokale politiet. Forklarte André.

Godt fornøgde med nok ein vellukka ekspedisjon bretta dei tre ekspertetterforskarane ut The Tribune igjen og tok seg ei kald pils for å feire. Kven som var blitt bortført av mannen med kostebarten kom dei aldri til bunns i, men dei var jo trass alt på ferie og noko skal jo overlatast til Interpol óg.

Denne historia er inspirert av verkelege hendingar, og summerer godt opp formiddagen vår i Platja del rintintin.

Catalonian nights.

IMG_20130706_150155Etter at me hadde funne att André og fått oss litt lunch. Var det på høg tid å skrive gårsdagens blogginnlegg og tinge hotell for dei næraste dagane. Me tok med oss laptopen og kvar vår International Herald Tribune ut i solveggjen og knattra ned litt oppdateringar for dykk heime. Etter kort diskusjon var me einege om at desse temperaturane ikkje var noko for enkle storabuar og at me burde komma oss litt nordover igjen. Me peikte oss ut eit par byar på den franske rivieraen og tinga oss hotell der for dei næraste dagane. Med the administrative detail unnagjort vendte me attende til middelhavet for ein forfriskande eftermiddags-dukkert. EIn dusj og litt fjelging seinare var me klare for ein blåkopi av kvelden før.

Me åt middag på ein nogle turistprega resturant, med middelmådig mat og enda meir middelmådig Tinto del casa (husets rødvin), og spasserte frå pubb til pubb nedover hovudgata. Me fekk notert oss nokre ammendments til doktorens reisekotyme og talte vidfløktig om tema me ikkje lenger hugsar noko av. Kvelden vart tradisjon tro runda av på den dårleg unnskuldingen for ein irsk pubb i enden av gata. På «irsk» pubb i Spania drakk me Nederlandsk øl og runda av kvelden med litt fin fin nattmat. Crépes med Nutella.

Tingenes tilstand.

No er me i bilen på veg mot Montpellier der me mistenkjer at me har sikra oss det røtnaste hotellet nord for Shara, men bilen presterer like godt som alltid og stemninga er god. Me har konkludert med at air condition kanskje har sine kvalitetar, men å ha alle vindauga opne og sitja å skrika til kvarandre er kjekt det óg.

 

-Vidar

Doktorens reisebrevkurs

Då me sette ut i frå sydvestfrankrike på fredagsmorgon var me klar over at det vart nok ein long køyredag, men trøsta oss med at det forhåpentleg var den siste på nokre dagar. Desse longe dagane med køyring gir lite spanande materiale til bloggen, så i dag får de doktorens reisebrevkurs gratis i staden for skildringa av den longe svette bilturen. Me satsar på å nå Montpellier tidleg i morgon og då skal de få heile oppsummeringa av vår ekspedisjon i Catalonia.

Doktor Nielsens reise kotyme.
For reiser i Europa og andre plassar du kunne tenke deg å reise.

Innleiing.
Eg har påtatt meg det ærefulle ansvaret å føra ned eit par erfaringar og åpenbaringar,
samt ta livet av eit par stygge myter om reiselivet i Volvo i Søreuropa.

IMG_20130706_170211Kleskode.
Shorts skal førast på eit kvart tidspunkt når ein kjem utforbi Noreg.
Untak: Middag på ambasader og slott, men kun viss ambasadør eller kongelig er til stede.
Shorte er og føretrekt på alle tidspungt, T-shorte kan førest kunn til og frå strand og ved utøving av fysisk aktivitet (Sykkling, jogging,dromedarløp og lignande).
Genser er ikkje tilatt under nokon omstendigheter, røkejakke kan førest viss det er kaldt eller situasjonen tilseier at det er sømelig.
Hodeplagg: Alpelue, tropehjelm, panamahatt og liknande er tillat.
Caps er strengt forbode. Unntak: viss du må bli med i ein eller annan for for gjeng, for å ungå sodomering.
Skal ein på ekskursjon er det kaki-uniformen som gjeld (sjå bilete).
Klede handlig skal unngås. Vilkår viss du gjekk tom for boksershorts ein gang i forige veke.

Fottøy:*
Sandalar skal førast heiletida, det er ikkje på vilkår tillatt med sokker i sandalene.
Barbeint er også tillat viss ein føretrekk det.
Unntak: Sjå forannemt forklaring om ambasader og slott.

Språk:
Dei lokale skal tiltalast på sitt eige språk så langt som muligt, ellers lyt ein bruke Norsk.

Mat og drikke :
Ein skal altid strebe etter å innta mest mulig forskjellig lokal mat og drikke.
Er det mat på menyen du ikkje veit kva er, gå for dette.
Døme: I Danmark er det raudepølser og bayer som gjeld,
Frankrike, Raudvin og baguet.
Spania, Cava og paela.
Tyskland: Kun pils og sauerkraut.
Nederland: Hasjbrownis og LSD.
Belgia: Trappist og Sjokolade.
Sveits: Nøytral og direkte demokrati mat…
Italia: Espresso og Permasan.

Øl, vin og Ankerdram.
Ein skal alltid drikke det lokale brygget, eller det som er på tapp.
På Restaurant der ein nyt raudvin er det lokale merker som er tingen, eller den dyraste.
Ankerdram skal altid inntas rett etter bilen er parkert, kva type anker dram er opp til den enkelte, med
visse villkår: Tequila er aldri tillatt, Cognac er anbefalt og han må alltid halda over 40%
Viss ein bedriver nyting av tobak, skal ein røke det dei lokale røker…
Er det Irskpub på plasen skla denne vitjast (uansett kor luguber).
Hard Rock Café er ikkje tillatt, då dette er bare ei tossen turistfelle.
Ha alltid med deg riklige mengder med lighterbensin.
Ein skal ALDRI gå på nattklubb.

Underhaldning:
Det er kun tilatt å høyra lokalradio.
Alle formar for TV skal unngås, då dette er jævelens verk.
Internett skal kun brukast i samband med blogging, sosialemedia frarådest.
Nyheter kan lesast i avis** som dei selg på dei fleste lokale kioskane.The International Herold Tribune er anbefalt.
Spelar det eit lokalt band på plassen er, lyt ein høyra dei.

Openbaringar:
Alle Franskmenn har stripeteskjorte, raudttørkle, alpelue og løk rundt halsen.
Det er ikkje pubar i Tyskland.
Det er masse pubar i Belgia.
Frankrike er ikkje så dumt som me skal ha det til.
Raudepølser er godt.

Ting ein ikkje bør snakke om i utlandet, då dei lokale vert noke kvasse vis ein nemnar.
Tyskland: Hitler, Der Kaiser, egenlig krigen generelt (Don´t mention the war!).
Spania: Fransisco Franco, Fransk vin og cognac.
Frankrike:At det kan nå ikkje vera nødvendig med opptøyer og brenning av bilar i gatene anna kvar helg.
Italia: Musolini, fotball og det faktum at relgion er noko drit (dei vert skikelig forbanna vis du insinuerer at paven er meir enn gjenomsnitlig opptatt av altergutter).

*Dette har vert eit oppheta tema i var lille gruppe, då André meiner det er heilt legetimt med sokker i sandalene. Hans meiningar er notert og oversett akkurat på dette pungtet.

**Til dei av våre yngre lesarar som ikkje er kjende med aviser som ein kan kjøpe i kiosk, så er denne forma av avis (i motsetning til nettavis som dei meir informerte av dykk kanskje kjenner til) trykkt på papir!?