Reperatørene kommer
Me oppdaga på fredag med sjokk og vantro at det berre var 14 dagar til avreise og at bilen framleis ikkje var i direkte toppform, med pågongslyst gjekk me i gong med nok eit par viktige reperasjonar. Det som slo oss som mest prekært var startaren. Den virka stort sett, berre ikkje når ein står aleine i botn av ein oppoverbakke eller har valgt å kjøve bilen framfor ein ambulanse med blålys og sirener. Med andre ord, den virkar som oftast men aldri når ein verkeleg treng den. Som rutinerte elektrikarar har me vore borti vår del defekte vinkelsliparar og konkluderte raskt med at det kunne vere det samme problemet, sletne børstar. Mads spekulerte i om det kunne være forgassaren som trakk falsk luft, som alltid er vår første forklaring på eit kvart problem sjølv om det er innsprøytingsmotor. Då me etter eit par pils og ein heil del sjeggstryking ikkje fann noko forgassar konsentrerte me oss om startaren.
Medan Mads og eg skrudde laus startaren byrjar André å kikka på lambda sonden. Det har i eit par månadar lyst i dashbordet om at lambdaen var defekt og når den allreide er defekt er det jo ingen grunn til å ikkje øydeleggje den litt meir. Den vart løyst, sota ned med André sine skitne fingrar og sett attende på plass. Om me har fiksa noko veit eg ikkje, men feillyset forsvann og det er jo det viktigaste.
Då startaren var laus, pitla me den i fillebetar og angra umiddelbart. Det såg ut som om børstane var i relativt fin form, det såg derimot ikkje ut som om me kom til å få dette saman att. Der tok me feil allreide etter ein 8-10 forsøk hadde me greidd å bruke alle delane samtidig som at startaren hang saman og såg ganske lik ut som før me fekk kloa i den. Me lista den forsiktig på plass, sjekka opningstidene hjå bilopphøggaren og vrei om svitsen. Den starta på første førsøk. Om det var sigersrusen eller alt ølet som førte til det veit eg ikkje, men me hadde iallfall så god sjølvtillit at me bestemde oss for å reparere fløyta på laurdagen. Den gamle var noko sleten men Mads bytta den raskt når me fann ut at det ikkje skuldas at forgassaren trakk falsk luft.
Avreise nermar seg
Me har no tinga ferjebilettar til Danmark. Ferja går frå Kristiansand klokka 0610 laurdag 29 juni. Me satsar på å forlate sumarøya seint på fredagskvelden og køyre på skift gjennom natta. Planen vidare er ikkje lagd enda, men innspel og forslag mottas med takk. Det første me lurar på er. Kor skal me tilbringe dag 1 og den første natta i det store utland? Me reknar med å havne einkvan plass nord i Tyskland med kurs mot Nederland/Belgia den første ettermiddagen. Kor syns de me skal stogge? Hamburg? Bremen? Ein heilt anna plass? De kan nytta kommentar-funksjonen her på bloggen (snakkebobla til høgre for overskrifta) om de har gode råd og tips.
-Vidar
One of the advantages of being a captain is being able to ask for advice without necessarily having to take it.
-James T. Kirk