Ny feil følger

There are a lot of alcoves in the Astridpark. -Yuri, In Bruges

There are a lot of alcoves in the Astridpark.
-Yuri, In Bruges

Då me har vore ute og spassert i over tolv timar i dag vert dagens bloggpost litt forseinka. Me har brukt heile dagen i Disneyland, vitja Paris og er nett kommne attende på hotellet no klokka 22.30, men me har ein long dag med køyring og blogging med kurs Bourdoux, framfor oss i morgon så me lovar oppdatering med ein gong me sjekkar inn i morgon kveld. Takk for at de følger med og at det sender bekymringsmeldingar, men me har det fint og kjem strekt attende snart. Bilete er med som plaster på såret og som, teaser for morgondagens oppdatering .

-Vidar

Like a glove

Det er ikkje skikkeleg biltur utan eit par reperasjonar longs vegen, det fekk me til på veg mot Brussel. Ein berettning om drikkepress og kvalitetsmekanikk følger, les òg doktorens reisebrev under.

IMG_1684Me sette ut frå Hamburg tidleg på sundags formiddag, med eit mål om å vera i Brussel rundt klokka tre. Me kom oss raskt ut av byen og inn på motorvegen, men gleda var kortvarig. Allreide etter ein halvtime merka me at lyden i eksosen hadde endra seg betydeleg, me svingte av veien og inn på ein av dei mange bensinstasjonane. Det viste seg at holet i eksosanlegget som me tidlegare i vår reparerte med heat trace flesk, no hadde blåst vekk flesket og skapte ein ubehageleg rånebillyd. Det einaste varmebestandige dei hadde på den lokale bensinstasjonen var eit par med skinnhanskar så me klyppte til ein passand lapp av eine hansken og skrudde den fast der flesket hadde vore før. Når me starta bilen var lyden vekke så me kasta oss ut igjen på autobahn. Etter eit par hundre meter kjende me den umiskjenneleg sneken av svidd bacon og det tok ikkje long tid før lyden kom att, denne gongen med ein skjærande plystrelyd i tillegg. Me vrengte bilen av motorvegen og inn i ein liten by, denne bensinstasjonen var longt dårlegare utstyrt enn den forrige og dei hadde ingenting varmebestandig, det var stort sett berre øl dei hadde. Me nytta høvet til å fylla drivstoff medan doktoren vandra seg ein tur for å tenkja over problemet. Då doktoren kom attende sa han ingenting, men gjekk rett inn på bensinstasjonen, der kjøpte han seg ein halvliter med det lokale ølet, styrta den og gav meg boksen og ein lommekniv.

-Skjer opp boksen, og tre den rund eksosanlegget.

IMG_1695Sa han med stor overtyding. Eg fulgte doktorens annbefaling og heiv på eit par ekstra stålstrips. No er me 10 mil i frå Paris og eksosen har oppført seg upåklageleg så longt.

Dei uforutsette problema gjorde at annkomsten til Brussel vart litt seinare en planlagd og det hjalp ikkje at å køyra i sentrum av byen er ein tolmodighetsprøve. Når gps-en ikkje samarbeider blir det brått anda verre, men André presterte mesterleg og førte oss inn i eit parkeringshus nærast midt i byen. På veg ut av parkeringshuset innsinuerte doktoren at det berre var demokratar som tok heis og overtydde oss om at trappa var det ærlege alternativet. Det kan det handa at det er, men då me kom opp trappa stod me plutseleg midt i eit stengt kjøpesenter. Me dildra litt rundt utan å finne utgongen, men vart raskt innhenta av securitas vakta, etter ei lita skyllebøtte på eit spåk me ikkje forstod geleida han oss inn ei låst dør og ut av kjøpesentert. Me stod no 100 meter i frå hotellet det einaste problemet var at det visste ikkje me. Me sirkla rundt kvartalet eit par gonger før me krøyp til korset og kveikte i gpsen igjen. Med ein skråsikkerhet som berre gps-ar har gjore han det klart for oss at me skulle inn døra på vår ventstre side og ganske riktig der stod me i hotellobbyen.

Meir om våre eventyr i Brussel kan de lese i doktorens reisebrev som følger under.

-Vidar

Vyrde bebuar.

 

Til kven dette vil angå.

Brüssel er ein kjekk by, det hjalp jo litt at me ikkje budde langt faen i vold i eit industri område.

Etter vår innskjekt på hotellet prøved eg igjen å innsistera på at det er bare framstegs parti velgarar og speidarar som tek heis, men eg vart nedstemt. Me hadde oss ein lille ankerdram og ein kjap dusj på hotelet, før me tok beina fatt for å få oss litt av dette ølet som dei etter sigende har store mengdar av i Brussel. Det klarte me utan store problem, då Brussel i motsetning til Hamburg er full av pubar. Etter den fyrste pinten bega me oss på litt site seeing rundt i byn, Vidar var sjøl skreven guide då han (i følge seg sjøl) har trokka sine barnesko i Brussel. Då me budde mitt i sentrum var dei store tinga bare eit steinkast unna.

Grand Platz var fryste stopp, den oppfylte alle forventningar det var ein stor plass med masse bygningar i jogenstill, og Vidar hadde ei god historie på lur om då oldefar hans var arketekt på ein av bygningane, historia ente ikkje godt då han tok livet av seg når bygningen viste seg å vera ikkje heilt symetrisk. Vidare frå Grand platz bar turen til

IMG_1705

Manneken pis, det var ein stor skuffelse, det skulle visse seg at dette verdkjende monumentet er ca. Treti cm. Høgt og ellers rimligt uinteressant. Etter dette store nederlaget var det bare ein ting å gjera; ta oss ei øl, den blei nyt på den lokale puben rett rundt hjørna

frå den forannemte statuen, me gikk for bartenderens andbefalingar og vart ikkje skuffa.

Etter ølet var det påtide med mat, me valgte å gå inn på den fyrste resturanten me traff på som selde kjøtt (André hadde dette som det einaste kriteriet til val av resturant). Me hadde eit framifrå måltid (eg og Vidar hadde snurre sprett og Andre gikk for Lambi) på den lokale belgiske resturanten og eg klarte å lavera å tippsa 50%.

IMG_1706Etter måltidet var det på tide med litt meir øl, og me stakk innom den anerkjende puben Delerium der dei skiltar med at dei har over to tusen sortar med øl, det er nokk utval til og med for hardbarka øl hudar som oss (eg kan seie med sikkerhet at me ikkje prøvde meir enn ein fjeredel av alt utvaelt)… Heilt kva tid me tok kveld er litt uklart men me er rimlig sikkre på at det var ein gang mellom 21.00 og 06.00.

Våre eskepader i frukosten og oppplevingar i Bruge kjem i neste brev.

Vyrdsamt

Doktoren.

Hamburg

Hamburg, ein by nord i Tyskland, heimstaden til ein tradisjonell norsk middag og eit folk kjend for godt tauhandtverk. Øl derimot, det får dei ikkje til. Det å finne ein dugande pubb i oktoberfestens heimland skulle visa seg å vera meir utfordrane enn me på førehand rsekna med.

Me annkom Hamburg laurdag ettermiddag etter ein long dag i bilen. Turen gjennom Danmark gjekk føre seg utan problem og utan noko nevneverdig å rapportere. Me hadde eit pit-stop i Ålborg for å tinga hotell og fann oss ein kombinert cafè, bibliotek og Belgisk kjellar. Hotellet me tinga var både litt for dyrt og litt for usentralt, men ein kan vell ikkje forventa å få alt når ein tingar eit par timar før annkomst. Etter ein rask kaffikopp bar det ut på landevegen igjen. Det viser seg at Volvoen stortrivs i 130 km/t på autobahn, men seier raskt i frå når ein bikkar 140. Då går den over frå å vera ein komfortabel svensk transportmaskin til å vera eit nervevrak av risting, vibrasjonar og slingring, men me kom som sagt velberga fram.

2013-06-29 17.04.03Vel framme i Hamburg tok me inn på hotellet me hadde tinga og tok oss den første av forhåpentleg mange ankerdrammar. Me hadde no vore vakne i nokon og 30 timar så me staka ut kursen mot det som tilsynelatande var pubbområdet, dusja og tok på oss spasserskona. Det viste seg at hotellet vårt låg i eit slags industriområde med bilforhandlarar og drosjeimportørar. Volvoen hadde me parkert like utanfor den lokale bilopphøggaren, men sjølv tyske bilopphøggar sjønnar vell at denne kvalitetsmotorvogen ikkje skal kastast så me lot den stå. Som nevnt var ikkje hotellet akkurat sentralt, men me fann sentrum etter ein liten time med spassering gjennom lugubre bakgater med hostels og nedlagde pubbar. Det me derimot ikkje fann var ein dugande pubb, men me bestemde oss får å finna oss litt middag og prøve igjen etterpå, det kan jo ikkje vera så vanskeleg å finna ei ølstove i bayerens heimland.

Middagen vart på ein triveleg resturant ikkje longt i frå haupbahnhofen, den hadde ypperleg akkustikk og det resonerte i heile bygget kvar gong eit tog passerte under(?) oss. Samtalen gjekk om laust og fast, men når me nevnte føraren eller gestapo fekk me nokre stygge blikk frå det lokale klientellet så me gjekk i gong med å definere nokre grunnreglar. Desse finn de i sin melombelse heilhet her, men regel nr. 1 er «Når ein er i Tyskland er det forbudt å nemna krigen» bota er satt til ein runde på den lokale pubben for overtramp. Når me hadde satt til livs kvar vår biff tipsa Mads servitrisa 30 euro og det skulande blikket me hadde fått då me diskuterte holocaust vart omgjort til eit stort smil. Midt under eftermiddags-sigaretten oppdaga doktoren at 30 euro var fleire hundre kroner og at det var småpene 50% av prisen på måltidet.

Mette og gode kunne jakta på pubb fortsetje eg veit ikkje heilt kva me tenkte då me gjekk inn på Alex, ein cocktail bar, men me burde har skjønt teikninga nå bartendaren bad oss om å setja oss ned så skulle han senda bort ein servitør. Me tinga oss eit par øl frå det mild sagt syltynne utvalet, mest for å vera greie, men óg litt for å ikkje virka for frekke når me spurte servitøren om det fantes ein skikkeleg pubb i nærleiken. Som einkvar anstendig seritør som skal føreslå ein god kveld ute til tre lett animerte utlendingar tilrådde han Reperbahn. Me spurte om det var noko i nærleiken, men han meinte at Reperbahn var eit steinkast unna med toget. Me takka for tipset og pusta letta ut då me kom oss ut derifrå. Jakten på pubb fortsette, me byrja leitinga etter toget til Reperbahn, men fekk raskt den stikkande kjensla av at dette kjem ikkje me til å få til snartenkt som André var spurte han ein lokal drosje sjåfør om han viste om ein pubb i umiddelbar nærhet, det gjorde han sjølvsagt. Inni eit smug bak ein pressening under eit stilas nedi ei kjellar fann me den lokale irske pubben. Dei førte ikkje noko av det gode lokale ølet me har høyrd så mykje om, men dei hadde både Guiness og Magners samt levande musikk av ein dreven trubadur, dette var pubb for oss. Det var heller ingen som såg stygt på oss når me snakka om Himmler. To nye reglar var fødd. Regel nr. 2 «Ein skal alltid ta turen innom den irske pubben om ein finn den» og regel nr. 3 «På irsk pubb gjeld ingen av reglane».

I skrivande stund er det sundag og me er attende på motorvegen med stø kurs mot Brussel. Me har føreteke eit par naudreperasjonar av bilen, så dei skal de få lesa om i morgondagens oppdatering.

-Vidar

Første etappe

wpid-IMG_20130628_222508.jpgDag 0,5 er tilbaklagd, me har forsert dørstokkmila og er kommen oss ut av moderlandet, så til dei av dykk som ikkje hadde trua på oss, HA HA! Me befinn oss i augneblinken midt i Kattegatt og går med eit par og førti mil med stødig kurs mot Danmark.

Turen til no har gått smertefritt og Volvoen er i si livs form. Det einaste me kan melda om er at det vart ein del venting i morgontimane då me las: «avgong 0645, insjekk startar ein time tidlegare» som

-«Øøøh, var det ikkje i seksdraget båten gjekk?»

-«Jo, men eg trur det var insjekk seinast ein time tidlegare.»

-«Okay, me lyt vera der i halv fem draget me då»

Når me i tillegg ikkje greidde å venta med å komma oss ut dørane, hadde planlagd rikeleg med tid og ikkje hadde nokon stopp på vegen var me sjølvsagt i Kristiansand litt før klokka fire.

Ellers kan me melda om at Volvoen ikkje akkurat er ei seng, men snarare ein insomniamaskin. Dette har ført til at søvn har vore opp i mot fråverande denne natta. Heldigvis skal me berre køyra ein fem-seks timar på andre sida. Planen er å innfinne oss i Hamburg i løpet av eftermiddagen og feire bragden med bratwûrst og bayer.

Fleire oppdateringar følger når/om me finn att verdsvevtilhøve samt er meir eller mindre edru og vakne.

-Vidar

Kvelden før kvelden

Det er no drygt 24 timar til avreise. For å feire dette har me vaska Volvoen og teke eit par såkalla pressebilete. Det seier seg vell sjølv at dei fleste av våre bilete hadde havna rett i PFU, men me tek kjangsen. Nyt bileta og følg med dei neste fjorten dagane, no er me i gong!

-Vidar

Nest siste finish?

Reperatørene kommer

Andrè syner oss ammatørar korleis det skal gjerast.

Andrè syner oss ammatørar korleis det skal gjerast.

Me oppdaga på fredag med sjokk og vantro at det berre var 14 dagar til avreise og at bilen framleis ikkje var i direkte toppform, med pågongslyst gjekk me i gong med nok eit par viktige reperasjonar. Det som slo oss som mest prekært var startaren. Den virka stort sett, berre ikkje når ein står aleine i botn av ein oppoverbakke eller har valgt å kjøve bilen framfor ein ambulanse med blålys og sirener. Med andre ord, den virkar som oftast men aldri når ein verkeleg treng den. Som rutinerte elektrikarar har me vore borti vår del defekte vinkelsliparar og konkluderte raskt med at det kunne vere det samme problemet, sletne børstar. Mads spekulerte i om det kunne være forgassaren som trakk falsk luft, som alltid er vår første forklaring på eit kvart problem sjølv om det er innsprøytingsmotor. Då me etter eit par pils og ein heil del sjeggstryking ikkje fann noko forgassar konsentrerte me oss om startaren.

Medan Mads og eg skrudde laus startaren byrjar André å kikka på lambda sonden. Det har i eit par månadar lyst i dashbordet om at lambdaen var defekt og når den allreide er defekt er det jo ingen grunn til å ikkje øydeleggje den litt meir. Den vart løyst, sota ned med André sine skitne fingrar og sett attende på plass. Om me har fiksa noko veit eg ikkje, men feillyset forsvann og det er jo det viktigaste.

Det rusta gamla hornet er erstatta med eit nytt.

Det rusta gamla hornet er erstatta med eit nytt.

Då startaren var laus, pitla me den i fillebetar og angra umiddelbart. Det såg ut som om børstane var i relativt fin form, det såg derimot ikkje ut som om me kom til å få dette saman att. Der tok me feil allreide etter ein 8-10 forsøk hadde me greidd å bruke alle delane samtidig som at startaren hang saman og såg ganske lik ut som før me fekk kloa i den. Me lista den forsiktig på plass, sjekka opningstidene hjå bilopphøggaren og vrei om svitsen. Den starta på første førsøk. Om det var sigersrusen eller alt ølet som førte til det veit eg ikkje, men me hadde iallfall så god sjølvtillit at me bestemde oss for å reparere fløyta på laurdagen. Den gamle var noko sleten men Mads bytta den raskt når me fann ut at det ikkje skuldas at forgassaren trakk falsk luft.

Avreise nermar seg

Me har no tinga ferjebilettar til Danmark. Ferja går frå Kristiansand klokka 0610 laurdag 29 juni. Me satsar på å forlate sumarøya seint på fredagskvelden og køyre på skift gjennom natta. Planen vidare er ikkje lagd enda, men innspel og forslag mottas med takk. Det første me lurar på er. Kor skal me tilbringe dag 1 og den første natta i det store utland? Me reknar med å havne einkvan plass nord i Tyskland med kurs mot Nederland/Belgia den første ettermiddagen. Kor syns de me skal stogge? Hamburg? Bremen? Ein heilt anna plass? De kan nytta kommentar-funksjonen her på bloggen (snakkebobla til høgre for overskrifta) om de har gode råd og tips.

-Vidar

One of the advantages of being a captain is being able to ask for advice without necessarily having to take it.

-James T. Kirk

Forberedingane fortset.

Me har dei siste vekene fortset forberdingane til turen. Det har ikkje vore så mykje interessant å fortelja om undervegs, men då det no er gått nokre veker er det vell på høg tid med ei oppdatering.

Teknisk.

Som de sikkert har oppdaga har eg flytta bloggen over på eigen server. Dette vart gjort då wordpress.com nekta meg å nytta javascript og iframes. Det er ikkje sikkert det vert mykje brukt, men eg likar å ha høve og fridom til å gjere det eg sjølv vil med bloggen. Eg har allreide lista inn eit lite javascript som de ser øverst i høgre sidebar. Denne kjem til å telje ned til avreise dei neste månadane og skal telje kor lenge bilen har holdt når turen startar. I samband med flyttinga bestemde eg meg for å peike vhaslum.com direkte til bloggen då eg eigentleg ikkje driv med så mykje anna for tida. Eg har flikka litt på layout og ordlyden i nokre setningar men andre store endringar har det ikkje vore på den tenkniske sida.

Mekking og bilstatistikk.

Ny og gamal

Ny og gamal

Før André reiste på jobb fekk me luka ut eit problem med kjølinga på bilen. Me føretok litt feilsøking etter kok-regulatoren-og-sjå-kva-som-skjer-prinsippet og det viste seg at regulatoren var i nokså dårleg forfatning. Me erstatta den gamle med ein ny regulator av fiin Biltema-kvalitet og resultatet var over all forventing, me fekk det faktisk til utan å øydeleggje noko. Nyt gjerne det nye korte, men presise biletegalleriet.

Eg har no pendla til Fitjar i Volvoen i eit par veker og den ser ut til å virke ganske bra, eg har ikkje oppdaga nokon feil eller manglar som kan få betydning for turen, dette betyr sjølvsagt ikkje at det ikkje fins, men eg er førebels overraska over kor godt det virkar. Eg har óg fått fyllt drivstoff på udyret og med mine beskjedne mattekunskapar kalkulert at den brukar omlag 0.9 liter 95 blyfri per mil køyring. Den høgst usannsynlege reiseruta er omlag 1000 mil, det skal altså gå rundt 900 liter bensin, med ein snittpris i overkant av kr 12.50 i Europa vil det kosta oss drygt 10000 kr i drivstoff. Forhåpentleg vert ikkje ruta så long som 1000 mil og forhåpentleg brukar den litt mindre drivstoff på longkøyring, men det er ikkje tvil om at drivstoff blir ein av dei største utgiftspostane i projektet. Andre store utgiftspostar er heilt uvitenskapeleg anteke å bli overnatting og mat/drikke.

Pressefoto.

Høvelege alpeluer

Då André ikkje hadde alpelue eller stripete sjorte (jfr. om sida) har eg nytta høvet til å tinga eit par knallfine alpeluer på ebay, prisen vart usle sju dollars for tre alpeluer. Desse skal brukast saman med stripete sjorte, sigarettar og baguettar på eit framtidig «pressebilete», samt i Frankrike om me kjem så longt.

Baskerluene er ankommne og me sastsar på å få teke eit «pressebilete» ein dag alle er heime og det er litt habilt vêr. Altså, ikkje med det første.

-Vidar 

By failing to prepare, you are preparing to fail.

-Benjamin Franklin