Om

Det er tydeleg at André manglar her, men han hadde verken stripete sjorte eller alpelue.

Det er tydeleg at André manglar her, men han hadde verken stripete sjorte eller alpelue.

På biltur i Europa.

La meg få introdusere tre gamle menn i siste halvdel av 20 åra. André Kambestad, Mads Nielsen og meg sjølv Vidar Haslum. Dette er reisebloggen vår og dette er planen:

Då mor nylig har arva seg ny bil har eg arva Volvoen hennar. Bilen er kanskje ikkje nyast, finast, raskast, tryggast eller mest driftsikker, men den har sjel og det er spekulert i om den er udødeleg. Dette skal me komma til bunns i, så i månadskiftet juni/juli tek me den med på sitt livs tur nedover Europa. Den er køyrd omlag 250 000 Km og har vore spådd ein snarleg død meir en ein gong, men har kvar gong overraska og latt seg reparere for eit par hundrelappar. Derfor har me lagt reperasjonsbudskjettet til den samme summen. Om det vert meir kostbart å reparere, pakkar me skilta i sekken, tauar den til næraste skraphandlar og flyr heim. Den gode nyhenda er at du kan følge med på forberedingane og turen her på bloggen heilt til skilta er levert på biltisynet eller at bilen mot formodning får oss heim at i god behald.

A good traveler has no fixed plans and is not intent on arriving.

-Lao Tzu

7 thoughts on “Om

  1. Tilbakeping: Forberedingane fortset. | Europatur i Volvo

  2. De må ha ein riktig god tur, eg kjem te å følgja med i spaning, synes da e et spenstig prosjekt de har sett i gong. Klart da ska væra tøffe ambisjonar, og målet, elle målstreken om de vil, ska kje væra lett å nå.

    • No har me vore så rutinerte og definere målstreken som «Der det lønnar seg å fly heim framfor å reparere bilen», men eg har nytta bilen til Fitjar kvar dag i fleire månadar og får meir og meir tru på den. Om den kjem heil heim igjen har eg lova å passe på den fram til neste EU-kontroll, så får me sjå om myndighetane er like imponerte som meg…

    • Eg trur eg har fått bukt med spammen no. Naiv som eg er tenkte eg at det ikkje var naudsynt å moderere ein liten norsk reiseblogg og at spammen kom til å bli minimal. Så feil kan ein ta. No lyt alle ny kommentatorar godkjennast før innlegget vert synt.

  3. Tøft, om de treng tekniske råd på veien er det berre å ta kontakt. Det har jo hendt at dei bilane eg har kjøyrd opp gjennom tidene ikkje har vore av den pålitelige sorten. På denne måten har eg fåt litt røynsle i kva som skal til for å halde bilen i gang. Tildømes viss du har dårleg batteri kan det være lurt å tilby andre skyss. Då har du nokon til å skubbe deg i gang dersom du skulle være uheldig å kjøve bilen i eit ljoskryss, men dette treng nok ikkje de tenkje på sidan de er tre stykker. 😉

    • På førehand takk, men eg håpar me slepp å kontakte deg undervegs. Batteriet er friskt og raskt så akkurat det trur eg kjem til å samarbeide. Det faktum at startaren ikkje er heilt god overser me og tek det evt. som ei treningsøkt om (når) det vert aktuelt å skubbe den i gong.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s