Tyskland, andre forsøk

Då me vart nogle påseila i Basel kom me seint ut i frå start, at fredagens etappe var ein long ein i tillegg hjalp ikkje, men me starta ut med freidig mot. Planen var å gje Tyskland ein ny kjangs og sjå om me fekk André til å oppjustere landet på André-indeksen. Me hadde sirkla oss inn på Hannover, ein by som me eigentleg ikkje visste så mykje om, men då Tyskland er kjend som eit øl-land, kunne det ikkje gå verre en i Hamburg.

IMG_2002Det viste seg at å komma seg i frå Basel i retning Hannover på det som er nødt til å vera første fredag i den tyske fellesferien, skulle ta ein del meir tid enn me forventa. Det at det var første fredag i fellesferien visste me ikkje når me reiste og veit enda ikkje om det var det, men om det var ein normal fredag er eg glad eg ikkje er pendlar i Tyskland. Turen skulle ta omlag 6,5 timar og den første timen gjekk greit, men så starta det. Ein uendeleg kø som stoppa, gjekk greit ei stund, stoppa, gjekk fint og stoppa igjen. Det endte med at me brukte ni timar i staden for dei seks/sju me hadde tenkt. André degraderte Autobahn til dårlegare enn den franske motorvegen, trass bompengar i landet i vest.

Då me endeleg kom fram på hotellet, sletne og svette innsåg me at me hadde tinga oss rom på eit slags fancy spa-hotell. Korleis me hadde greidd det veit me enda ikkje, då me plar å halda oss til billege hotell, men me var godt nøgde. Eit lite minus var at dette var det første og muligens det einaste hotellet i Europa som krev betaling for å nytta internett. Heldigvis var det høve for å nytta kabel til laptopen på rommet og oppkoplinga var for ein gongs skuld stabil og rask. Dette førte til at eg fekk trødd bloggen kjapt ut medan doktoren testa badekåper og etter ein kort tur i dusjen var me klare for «Tysklands-bonuskjangse».

IMG_2012Rett rundt hjørna på hotellet fann me den første pubben, det viser seg at det finns pubbar i Tyskland, noko sjølv André no vedgår. Like bortforbi fann me óg «The Chattanoga cho cho» og me kjende oss sikre på å finna vegen heim. Me var som vanleg plassert sentralt og fann fort ein plass å få oss ein rask kvelds. Det viser seg at det er eit uttal av pubbar på kvart einaste gatehørne i Hannover ein bråte med butikkar og handlegater. Diverre gjorde forsinkinga vår at alle butikkane var stengde og den einaste måten å teste den lokale handelsstanden på var pubbane, men som gode turistar hadde me eit par punkt å krysse av på lista først. Me fekk teke bilete av den lokale kjørkja som var utstyrt med eigen Luther-statue og det gamle rådhuset, som visstnok óg er ein attraksjon.

IMG_2008Kvelden byrja å gå mot slutten, men me fekk oss eit glas av det lokale brygget i ein ølhage like ved operaen før me starta på tilbaketuren. Eg har tidlegare skrytt hemningslaust over doktorens kirurgiske pressisjon når det gjeld å finne attende til hotellet og kalla han tidlegare ein «tysk brevdue». Problemet kan liggja i «tysk» delen, for i Hannover var han hjelpaslaus. Me fulgte doktorens ordre og spasserte litt til høgre for Chattanoga cho choen, nedover ei sidegate gjennom ein park full av lokal udugeleg ungdom. Eg insinuerte noko om å bli rana, men doktorens direkte kommentar var «Dei skal vera jævlig svære dei karane som skal prøva å rana oss», her pressiserte eg at både doktoren og André vart rana av to døve småjenter i Paris, men eg holdt fast i lommeboka og fulgte motvillig etter. Heldigvis vart me ikkje rana, men etter eit kvarter gange hadde doktoren hadde mista sporet. Slukøyra snudde me opp igjen mot der me hadde sett The chattanoga cho cho og byrja på den longe veien opp igjen gjennom smaua. Då me fann trikken, var det openbart kva veg hotellet var og det var ikkje lenge før doktoren var tilbake i badekåpa.

Etter nøyen vurdering har André no oppgradert Tyskland og vedgått at det finns pubbar der. Han held enda fast ved at Hamburg er Europas dårlegaste by, me har lova å gje Autobahn ein ny kjangs i dag, laurdag. Eg kan avsløra at det ikkje ser lovande ut, men meir om det i morgon. In other news: Volvoen har no ikkje starta utan skubbehjelp sidan Frankrike, men me har bestemd oss for å ta førehandsreglar ved stans og ynskjer å køyre den heim slik den er. Meir om å angra på det i morgon…

-Vidar

1 thought on “Tyskland, andre forsøk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s