Som tidlegare notert er ikkje temperaturen på den franske rivieraen noko for oss vintervande normenn, dette, det at me har vore lenge på tur og dei rådande økonomiske forhold gjorde at me torsdag sette kursen nordover. Volvoen starta på første forsøk, noko den har for vane å gjere når den får stå i parkeringshus. Det kan henda den berre er bortskjemd. Me køyrde i frå Nice via Italia og inn i Sveits, me var offisielt på veg heim.
På veg mot Sveits stogga me på ein bensinstasjon/café i Italia og André som har for vane å dømma heile land etter sine begrensa erfaringar gjorde ikkje noko unntak for Italia. Som de sikkert hugsar hadde me ein del problem med å finna ein dugande pubb i Hamburg og André har no vurdert at det ikkje finns pubbar i Tyskland og at Tyskland er eit hôl som ingen har gleda av å vitja. Denne vurderinga gjorde han utelukkande ut i frå den eine kvelden i Hamburg. Denne gongen har han overgått seg sjølv og konkludert med at Italia er fandens bakgård og at han ikkje ville ha sendt sin verste fiende der for å døy. Alt dette basert på ein bensinstasjon i eit fjellpass nord i landet. Grunnen? Ein noko kluren metode for å tinga mat. At metoden var vond for oss som ikkje talar språket er ei riktig vurdering, ein laut først sjå på kva ein ville ha, så gå til andre enden av butikken for å tinga og betala for å deretter returnere til utgongspunktet med kviteringa, der dei fann maten til deg. Eg veit ikkje om eg er eineg i at Italia er den største elenda som har ramma oss sidan svartedauden, men det er André si vurdering.
Planen var no å komma seg så longt nord som mulig utan at det var for seint på kvelden slik at me fekk nokre timar til å sjå oss rundt. Me landa på Basel, ein passeleg stor by heilt nord i Sveits omlag ein kilometer frå den tyske grensa. Då me annkom hotellet såg me at me nok ein gong hadde fått hotel like ved trikken eller the chattanoga cho cho som me kallar alle formar for light rail og trikk som passerer våre hotell. Me var glade for å sjå trikkespora då erfaring syner at det tyder at ein er havna ganske nær sentrum og ein har høve til, som me har gjort fleire gongar på turen, følga etter trikken heim, så ein finn att hotellet. Ein anna måte å oppnå det samme er å følga etter Mads som har rettningssans som ei tysk brevdue, men eg føretrekk å følga the chattanoga cho cho. Hotellet kunne óg skilta med alle fasilitetar, både dusjforheng og toalettlokk. Det var litt sytti-tallsstemning på badet, men det var enkeltsenger til alle, røkeballkong og me var godt nøgde med Basel så longt. André notérte Sveits som Europas nest beste land, berre slått av Spania der det var basseng på hotellet.
Me tussla ut i gata og ganske riktig var me nok ein gong plassert i midt i byen. Me hadde oss ein ankerdram, som no er blitt ei pils på den næraste uteserveringa då den spanske brandyen rett og slett ikkje er drikkande og tussla nedover hovudgata. Då me kom til Rhinen vart me ståande ei stund i den kjærkommne kalde brisen på ei bru og kikka på ungdommen som bada. Det såg sikkeleg kult ut, liggja på eit slags badedyr og hyla nedover elva i eit forrykande tempo for å så prøve å symje inn til land i den strie straumen. Synd at me ikkje fekk prøvd oss på det, men eg mistenkjer at me urutinerte elvebadarar fort hadde havna i Nederland… Me tok tradisjon tro bilete av den lokale kyrkja, i tilfelle den var kjend og styrte mot ein plass å eta. Inne i ei sidegate skulle me akkurat til å snu då det berre var ein resturant der som ikkje såg så voldsom ut, men avgjersla om å gje faen og berre eta der vart teken då me var svoltne etter den longe turen over fjellet. Det angra me ikkje på!
Inne på resturanten vart me raskt uthevne av servitrisa, ei blid og hyggeleg dame med upåklagelege engelskkunnskapar. Å bli utheven i Sveits tyder tydelegvis å bli geleida ut på uteresturanten der det var longt meir liv enn i det pubbaktige lokalet innomhus. Me fann noko som såg ut som lokalt øl på drikkemenyen og vart annbefalt av servitrisa å prøve Mac Ueli, eit nytt ale brygga i annledning ein nært føreståande militær-tatto. Me drakk det opp til den upåklagelege maten, ølmarinerte kotteletter og lett dampa grønsaker. Då maten var oppeten tinga me oss ei Ueli øl til og spurte, mest for å konstatere det me allreide hadde forstått, om det var eit lokalt øl, bryggja i Basel. Me forventa ikkje svaret. Ølet var bryggja i kjellaren av ein lokal bryggjerimeister, som forøvrig sat på bordet bak oss.
Der var ein jevn gjennomtrekk av folk som var innom og hadde seg eit par pils av det høgs lokale ølet og før me visste ordet av det hadde me drukke oss gjennom mesteparten av Ueli-utvalet. Me kom i prat med nokre lokale heltar på eit bord bortforbi oss og nett då me hadde gjort opp rekninga og planla å runde av kvelden, lokka dei oss med på ei siste øl med dei før pubben stengde. Me vart tilbudt kvar vår sigar og takka sjølvsagt ikkje nei, det kan jo hende det er særs dårleg kotyme i Sveits. Etter mykje lått og løye mellom dei galne nordmenna i den svenske tanksen og han med den uforståelege lokale dialekta, som sjølvsagt berre snakka på eige språk, vart me innviterte attende til Basel i mars på carneval, me takka for tilbudet, noterte litt nettadresser og trakk oss omsider tilbake for kvelden, eller rettare sagt vart uthevne igjen då pubben stengde, denne gongen rett på gata.
No er me i bilen på veg nordover i Tyskland der me satsar på eit pit-stop i aften, fredag. Om denne ekstrakjangsen til Tyskland greier å heve Andrés vurdering av landet veit me enda ikkje, men de skal sjølvsagt få oppdatering i morgon som alltid.
-Vidar
På tide!
Har du vore bekymra for oss:-P
jaaaaa!