Me tok onsdag turen til verdas minste land med kystlinje, Moncao. Ein by kjend for store båtar, dyre bilar og formel 1. Då Volvoen ikkje akkurat er dyr, rask eller spesielt vanntett juksa me litt og lot den stå i Nice, medan me som faktisk er dyr tok toget over grensa. Berettninga om vår dag i fyrstedømmet kan de lesa alt om i siste postlagde utgåve av doktorens reisebrev under innleiinga. Me set straks kursen heimover, men frykt ikkje det er eit stykke heim og me held dykk sjølvsagt oppdatert kvar dag fram til Volvoen forhåpentleg er parkert heime i Myro.
-Vidar
Kjære Mamma
Send meir pengar, eg har vert på kasino i Monaco….
Sånn kunne eit desperat brev (eller kanskje tekstmelding i våre dagar) heim til ho mor ha byrja etter ein hektisk dag i Monaco.
Monaco er det nest minste landet i verden etter Vatikanstaten, men i motsetning til vatikanstaten er Monaco ein kjekk plass med ca. tretisjutusen inbygarar, som er styrt av Prins Albert. Prins Albert av monako er så vidt eg kan forstå over gjenomsnittlig populæt (til statsoverhoder å vera) Då det er bilete av han og maddamen i dei fleste butikka.
Monaco er kjendt for tre ting: rike folk, Formel 1 og gambling. At det er eit land fult av rikingar var ganske openlyst, då det var fleir Rols Roys bilar der enn det var tiggarar, og ein liten tur i småbåthamna avslører at dei er glade i det enkle båtlivet. Formel 1 er og tingen her, det ser ein når ein ser alle dei tossne turistane som har latt seg lura til å kjøpa spinndyre (og dritstygge) t-shorter som det står Grand Prix Monaco skrått nedover heile brystkassen i utheva gullbokstavar.
Sjå på dette som eit tillegg til Doktorens reisekotyme.
Gamblig: Skal ikkje fåregå under nokon omstendighetar, då dette må vera den mest ubruklige måten å kasta bort pengar på. Viss du på død og liv har lyst til å kasta bort eit par hundre lokale trepengar som du ikkje får noko gled for, har eg her lista opp nokre alternativ til dykk: Gi dei til dei av dei locale tiggarane. Kjøp ein gudbråte med drit på ein av dei lokale suvenirsjappene (koppar, t-shorte,vesker, handkled og anna ubruklig nips som det stå ¨I ❤ sett inn plass du er´ på). Hiv dei på sjøden.
Me ankom Monaco med tog tidlig på ettermiddagen, togturen var relativt udramatisk sjølv om enkelte i reisefølge hadde yttra storebekymringar om at detta kom me ikkje til å få til.
Etter ein del kjøring i heis kom me oss av togstationen og ut i varmen, og varme det er noko dei har riklig av i Monaco, etter ca hundre meter var me søkk igjenomvåte av svette. Men me ga ikkje opp av den grunn, då me oppdaga at heile landet er ein stor skråning gikk motet litt i frå oss, men som eit kvart land som har fleire luksusyatch enn innbygarar har dei og ein mengde utendårsheisar!? Som dei andre i reisefølet ville nytta men eg nekta, då det er eit velkjendt faktum at det er kun demokratar som tar heis..
Vårt opphald i Fyrstedømmet var rimelig begivenhets frit då me bare var der i nokre timar, me såg på båtane, bilane, dei altfor dyre butikkane og folkelivet. Me prøvde oss til og med som ¨fanboys¨då me såg ein stor folkemengde utforbi eit hotell, som tydligvis stod å venta på nokon kjende. Me heiv oss med og blei ståande der i ca. Ti min. Før me kom til konklusjonen om at dette var teit og me gikk. (kven dei stod å venta på er uvist men me trur det var eit kvinnemenneske)
Eg vil annbefale dykk å prøva Monaco, men viss dykk ikkje er mange milionærar (viss dykk er så må dykk gi beskjed så skal me nok bli gode vener :-P) så er det sikkert like greit å gjere som me gjorde, å ta toget frå Nice.
Vyrdsamt.
Doktoren.
utaføre hotellet i monaco kan det ha vert ein fotball spelar dei sto å venta på, AS Monaco FC har nett blitt okkupert av ein riking som har vald å kaste vekk 1 stk milliard på 3-4 personar som jagar ein ball, eg ser ikkje vekk i frå at personen heiter Falcao