Etter eit par fuktige kveldar longs den franske riveeraen fann me ut at det var på tide med litt kulturell føde. Me plotta inn den franske handlebyen me trudde me skulle til i går og sa farvell til Marseille. Bilen starta på første forsøk då me køyrde i frå Marseille og starta igjen då me hadde fyllt bensin litt nærare Nice. Då me kom inn til Nice viste det seg at det pågjekk ein del ombyggjingar og at det var fullt i dei fleste velplasserte parkeringshusa. Me vart køyrande rundt i sirklar ei god stund, men fann til slutt fram til eit kjøpesenter med parkering i kjellaren. Då me kom ut viste det seg at dei ikkje var så hakkande longt i frå hotellet og me gratulerte kvarandre med vel utført transportetappe.
Eit raskt søk på «Museums near me» hjå google synte oss at me ikkje trong å gå så longt for å få vårt sårt etterlengta påfyll av kultur. Marc Chagall-museumet låg berre 500 m oppi vegen. Det me ikkje var klar over var at det var 500 meter med trapper. Dryppande svette stod me der, framfor døra til det kunstneriske geniet som meg me eigentleg ikkje hadde høyrt om. Me hadde lese wikipedia-artikkelen og kjende oss relativt trygge på kva som kom til å møta oss. Det me ikkje forventa var den låste porten og lappen som me tolka i retning. «Stengd». Slagne vendte me tilbake til hotellet, men den longe trappebestigningen hadde ført til at det siste settet med reine klede no var gått samme vegen som alle dei andre kleda. Det var på tide med ein shoppingtur. Eksklusive som me er, me var jo trass alt i handlemekkaet Nice, gjekk me strakt til H&M, der førte dei alt me trong og i løpet av få minuttar var me ute igjen og på veg mot ein fortend dusj på hotellet.
Me forstod at me ikkje fekk til kulturdelen og tenkte me heller skulle ta oss ein runde og sjå den kjende strandpromenaden i staden. På veg til stranda snubla me over ein jazz-festival, og kva er vell bedre kulturalibi enn å hevda at ein reiste til Nice for å gå på jazz-festival.
Etter mørkets frambrudd, forlot me jazzfestivalen for å få oss litt forfriskningar. Doktoren hadde lenge hevda at André og eg ikkje likar drykk, då han nesten alltid er ferdig med øla si før oss. Me lurte på om det kunne vera det motsette som var realiteten, at doktoren likar drykk for godt. Me konspirerte opp ein plan for å sjekkka om han framleis likte drykk når drykken var jevvle. Valet fallt på Mai Tai og det var ikkje eit dårleg val. Den vart servert med stjerneskudd og paraply, men det stogga ikkje doktoren. Han supte den i seg med største velbehag. Det var gjort. Det viser seg at me ikkje likar drykk.
I skrivande stund jobbar me enda med å komma oss ut av hotellet, Doktorens Mai Tai vart diverre ikkje den siste i drykk-seleksjonen i går og me havna før me visste ordet av det på jakt etter nattklubb. Heldigvis føydde det seg inn i den etterkvart longe rekka av ting me ikkje fekk til. Då me aldri greier å få til det me har tenkt skal eg ikkje lova noko om morgondagens bloggpost, men noko skal me alltids finna på.
-Vidar
Eg vil med ein gang få svara på dei ryktene om at eg satte pris på Mai Taien, det er noko av det jævligste eg har fått i meg siden Krimkrigen.
Vyrdsamt.
Doktoren.
Eg syns no dåke har vert flinke som har kjøpt klær sjølve. Og så klarte de og finna Disney i Paris 🙂
Sovidt eg kan sjå har de fått dåke ein «lat» GPS so ikkje gidda å ta turen rundt den Iberiske halvøy, men staka ut ein kortare veg te Marseilles, intellegent…. 🙂
Eg trur me får eit nytt tilfelle av lat GPS no når me skal skråa heimover. Det hadde blitt ein long tur om Portugal…