Den gløymte by

IMG_1918

Småbåthavna i Marseille.

Då me forlot «hotellet» i Montpellier på måndags morgon var me klare for sumar, sol og bading i Nice, men då me skulle finne ut kva hotellet heitte for å leggje det inn på GPS-en fann me ein annan reservasjon i Marseille. Mads og eg kunne vagt hugsa noko om Marseille, men André hadde overhodet ingen minne om at me hadde tinga hotell der. Det er sjølvsagt mulig at hotella vart tinga i ei vinskodde og med den gode marineringa me hadde i Montpellier må ein vell forvente at enkelte minner vert noko vage. For å forsikra oss sjekka me reservasjonen i Nice og ganske riktig, den var for tysdag. Mads tok tok hurtigt ei avgjersle om ein Madsisk kvit dag, altså berre drikka ein 4-5 pils. Me la om kursen og førebudde oss på ein kveld i Frankrikes eldste og nest største by.

IMG_1915

Innseglinga, med bilete av det «ukjipe» fortet.

Bilen var framleis litt rysta etter opplevinga dagen før og krevde å bli skubba i gong, me oppfyllte ønsket og før me visste ordet av det var me nok ein gong ute på den franske motrovegen. Me har etterkvart lært oss korleis det er og denne dagen var ikkje noko annleis. Svett, klammt og varmt, med vidauga opne så ein slepp å høyra musikken og ikkje kan samtala. Heldigvis var óg dette ein tur som skulle ta eit par timar. Då me nerma oss Marseille havna me i klammeri med GPS-en, eller dvs. den forstod ikkje heilt kva tunell me var i. Etter ein halvtimes backtracking greidde me omsider å snu og prøvde om att. Denne gongen lot me oss ikkje lure og kom oss fram til hotellet akkurat i tide til innsjekking.

Hotellet låg ca 20 minuttars gonge frå sentrum og me bestemde oss for å ta lunch i nærleiken før me tussla innover. Me avstod frå pils til lunchen og kom på at me hadde gløymt ankerdrammen óg. Akkurat det med ankerdrammen er like greit, då me har drukke opp den fine Bache XO-en og erstatta den med ein jevlege spansk brandy.

IMG_1924

Ei lokal kjørkja, ingen gateopptøyer her heller.

Nede på havna i Marseille såg me litt på båtane, det er ganske mange, men mistenkte at det måtte vera noko tursitverdig å sjå i nærleiken så me oppsøkte ein resturant med wifi-tilhøve. Her sjokkerte Doktoren oss alle ved å bestille ein runde med pils. Heldigvis er servitørane i Frankrike under middels drevne i engelsk og då servitrisa kom attende hadde ho med seg tre koppar kaffi. Kaffien må ha vore sterk, me fekk iallfall grodd nok brøsthår til å bestille oss nokre flasker pils når den var oppdrukken. Ved hjelp av naboresturantens WIFI fann me ein par aktuelle turistattraksjonar og sette ut mot eit av dei to kystforta som voktar innseglinga til havnebyen. Me fekk teke nokre klassiske turistfoto, men mistenkjer enda at me valgte det kjipe fortet. Me brukte dagen på å kikke rundt i byen og vitje diverse franske caféar og avslutta med middag på torget. På veg heim song me Marseillasen for full hals for å blande oss med lokalbefolkninga og kanskje gå klar dei mange gateopprøra me har høyrd så mykje om. Me såg ingenting til gateopprør, men gjekk forbi to 12 år gamle jenter som antageleg var misfornøgde med eitkvart.

No er me overtydde om at neste stopp er Nice og har dobbeltsjekka fleire gongar. Om me finn det er eit heilt anna spørsmål, men det får de evt. lesa om i morgon.

-Vidar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s