Me sette sundag ut frå Platja del hmmgmm, med kurst for Montpellier. Me hadde ambisjonar om å finna eit klima som var litt bedre tilpassa våre nordiske gener, det fekk me ikkje til, men me var rimeleg sikkre på at me skulle ta inn på eit av dei shadyaste hotella på denne sida av Sahara og det fekk me til.
Der som skulle vera ein relativt kort tur på 3-4 timar tok brått ei anna vending då me to mil i frå destinasjonen, fekk problem med bilen. Eg sat og skreiv gårsdagens blogginlegg og hadde knappt sett punktum på linja om gode bilprestasjonar før André seier: No er me i gong, den gir ikkje gass. Og ganske riktig turtalet var stadig synkande og det samme var farta. André gjorde eit par forsøk på hente inn situasjonen med litt clutching, gassing og giring men ingenting hadde noko effekt, turtalet var framleis synkande og me hadde ikkje noko anna val enn å svinga oss ut i vegskuldra. Me gjorde nokre siste desperate forsøk medan me framleis rulla og akkurat då me hadde gitt opp gjorde bilen eit host og eit hark og var tilbake i form. Me svingte av på ein bensinstasjon nokre hundre meter lenger framme og då skjedde det igjen. Hosting harking og generell motvilje. Me trilla bort til ein parkeringsplass og bilen tok seg litt inn igjen. På parkeringsplassen stod bilen og putra, den gjekk svært ujamnt. Me spekulerte litt i kva som kunne vera problemet og gjekk inn på bensinstasjonen for å sjå om dei hadde noko som kunne hjelpa oss. Det hadde dei ikkje der gjekk det i pølser og usb-ladarar. Mads føreslo som vanleg at det måtte væra forgassaren som trakk falsk luft, men André spekulerte i tett bensinfilter eller rusk i bensinen. Medan me stod og såg ut som om me visste kva me dreiv med byrja bilen å hoste og harke, eg prøvde å gje litt pådrag, men det var håplaus, den gjorde eit par siste host og kvelte seg.
Då ein av mulighetane var rusk i bensinen skubbde me bilen ned til bensinpumpene og fyllte opp tanken i tilfelle den Spanske bensinen er like fin som den lokale rødvinen. Etterpå lot me den stå og kvile seg ei stund medan me sjekka ulje, kjøleveske o.l. alt såg bra ut. Me bestemde oss for å skubbe bilen rundt til ein skyggefull parkeringsplass på baksida der det kanskje var mulig å sjå over bensinfilteret. André gjorde eit forsøk på å starte medan Doktoren og eg skubba og der eit gnist av håp. Vår tidlegare pålitelege gamle Volvo hosta og hoppte til noko voldsomt, men greidde akkurat å få rotert motoren. André svingte den bak på parkeringsplassen og tok eit par rundar for å gjere den meir medgjørleg. Då han parkerte gjekk den som ei klokke og dersom den hadde tyggd seg gjennom noko rusk såg den ut til å vere grei no. Me gjorde ein vurdering etter beste evna om at dersom det er rusk så er det sikkert enklare å tygge seg gjennom på motorvegen med jamnt turtal. Me seig ut og la oss i høgre fil med 2500 omdreingar og køyrde roleg dei siste to-tre mila. Me oppdaga ingen teikn på at noko var gale på den siste beten og parkerte med tru på at Volvoen var tilbake i normal drift.
Me fekk rett i våre mistankar om Hotel Abasun Montpellier, men fekk litt forhåpningar då det var air condition i «lobbyen», det var det sjølvsagt ikkje på rommet, eller det var den virka berre ikkje. Varmen var uutholdeleg, men me spylte av oss det verste av bilturen og opna vindauget, det hjalp ikkje mykje. For å oppsummere nokre av kvalitetane til hotellet: Ingen heis, ikkje dusjforheng, mangla brytardeksel på lysbrytaren, Mads mangla hovudpute, dyne og handkle i si 1,5 meter longe seng og sjølvsagt krona på verket ingen toalettsete. Me vart ikkje lenge på hotellet, men gjekk raskt ut for å finna turistatraksjonane.
Me hadde oss ein lett lunch med tilhøyrande sterkøl på torget og brukte føremiddagen på å leite etter turistatraksjonar. Me fant fleire både aquaductar og katedralar, men den beste var St. Anne kjørkja som låg like ved ein Irsk pubb. Kjenneteikn på Irsk pubb: Den heiter noko med o», teppe på golvet, Guiness på tapp, britisk betjening og ein generel look. Me hadde oss eit par pils i skuggen av eit tre og spekulerte i om det var på høg tid å få oss noko skikkeleg fransk mat til midag.
Me lot oss huka av ein innkastar som virka dreven i engelsk, men fann fort ut at det ikkje gjaldt heile betjeninga. Me lot servitøren bestemme middagen då kommunikasjon var utelukka. Han kom attende med Foie gras og grillspyd med muslingar og and. Me valgte å avstå la vin rouge då me allreide var litt pådregne, men hadde oss eit skikkeleg herremåltid med pils til. Etter maten returnerte me til den irske pubben, der me oppdaga at dei førte magners på tapp. Me var solgt, eit finare eksemplar av Irsk pubb. Me vart sitjande i til uti dei seine nattestimar, kva diskusjonen dreide seg om hugsar me sjølvsagt ikkje.
No nærmar me oss neste destinasjon, ein by me ikkje visste me skulle til. Les meir om det i morgon. Og gløym ikkje Andrés dropbox som inneheld mykje fleire bilete.
-Vidar
Fantastisk blogg! Ser virkelig ut som dåke kosa dykk glugg i hel! Og godt volvoen starta igjen ettersom både eg og husbonden allerede har tapt på tippinga på kor langt den sku gå! God tur vidare!