Catalonia

Exit France.

Etter vår snarlege exit frå sølvkysten i Frankrike gjekk turen sydover mot Spania. Bilturen var nokså klassisk, Mads las avisa og var DJ, André køyrde og eg blogga. Like før grensa fekk eg ein telefon i frå arbeid og før eg visste ordet av det sat eg i forhandlingsmøte med konsernleiinga på ein bensinstasjon i sydfrankrike. Det var forsåvidt greit nok, men temperaturen i bilen der eg har mitt vesle kontor vart fort høg når eg lot att vindauga for å høyre kva som vart sagt. Me fekk kjøpt oss eit termometer på bensinstasjonen og det viste det me allreide mistenkte. Både Temperaturen og atmosfæren var som i eit gresk bad.

Ankomst Catalonia.

IMG_1851Me parkerte Volvoen på gata i Patja del eitelleranna, og tussla det me trudde var dei 100 metarane til hotellet. Det viste seg at me som vanleg hadde lagt inn heilt noko anna en hotellet på GPS-en og dei 100 metrane vart fort ein liten kilometer. Når me hadde sjekka inn gjekk André og eg for å henta bilen, det var jo sjølvsagt rikeleg med parkering på hotellet. Volvoen stod i all si prakt og glinsa i solveggjen, men den var utsleten etter ein long dag i varmen og starta ikkje då me ville flytta den. Me lot den få ein halvtimes kvil medan me tok oss ein snack og tilkallde Mads i tilfelle me måtte skubbe den i gong. Etter den korte pausen var bilen klar for nye oppdrag og starta villeg opp igjen. Me parkerte på hotellet og tok turen ut for å sjå på dei lokale pubbane. (Meir om dette mot slutten av bloggposten.)

Jakta på den tapte sjåfør

IMG_20130706_105152Der var ein varm og solrik sumarmorgon i Platja del asdf og dei tre omreisande i europaekspedisjonen tok seg eit morgonbad som vanleg ved bassenget etter frukost. Brått gjekk det opp for to av medlemmane at tredjemann, sjåføren André var sporlaust forsvunnen. 

-Eit klassisk tilfelle av spontanantenning, eg har sett det fleire gongar under boerkrigen.

Sa ekspedisjonsdoktoren, Dr. Nielsen, men vart fort nedstemd av ekspedisjonens velgjerar den stadig aldrande Herr Haslum som sa.

-Tull, spontanantenning skjer berre med alkoholiserte rednecks som røker på senga. 

Medan dei diskuterte alternative grunnar til forsvinninga og like før dei var blitt einege om at Chtulu var den mest sannsynlege forklaringa, spratt doktoren til.

-Ser du den unge herren med den polske kostebarten, der borte?

Herr Haslum skulte over si eiga skulder og ganske riktig. Den tykkladne herren i førtiåra stod der i fullt syne og telde sine spanske trepengar. Han plukka ut ein femmar og gav den til jenta i iskremkiosken.

-Du har rett, kjøp av iskrem er eit velkjend KGB teikn for vellukka bortføring og polsk kostebart har aldri leda til noko godt.

Utbraut Herr Haslum, som hugsa så altfor godt kostebartskandalen dei mesterleg hadde avverga ved eit besøk på den franske ambasaden i Montenegro nokre månadar tidlegare.

Det var åpenbart at sjåføren hadde vorten bortført og dei to gjenværande ekspidisjonsmedlemmane lot ikkje noko tid gå i frå seg. Dei gjekk rett opp og bytta til kakiuniformen, som er obligatorisk arbeidsantrekk ved jakt på bortføringsmenn i varmare strøk.

20130706_105126Etter klesbytte gjekk dei til den lokale kiosken for å kjøpa seg siste utgåva av The International Herald Tribune, ein går jo ikkje på ekspedisjon utan å ha lese utanriksnyhendene. Etter ein dryg time med kaffi og nyhetlesing på ein gatecafé, gjekk dei to taktfast ned på strandpromenaden for å få seg ei pils. Ein går jo ikkje på ekspidisjon edru, det endar med at ein går og higar etter det lokale brygget i staden for å gjere ærleg etterforskningsarbeid.

Djupt inne i finansdelen av the Herald og på femte eller sjette øla høyrde dei to kumpanane ei kjend stemme.

-Nei!, har eg gått glipp av enda ein ekspedisjon? Det var André, sjåføren.

Det viste seg at han hadde komme over ei gruppe med lettkledde senoritas, med eit mistenkjeleg armband og fulgt etter dei til stranda for å myse på dei og finne ut kva ulovlegheitar dei dreiv med. Etter eit par knallharde timar med bading og soling, konkluderte han med at det var eit all-inclusive armband frå eit hotell i nærleiken og gav opp.

-Det er jo eit velkjend faktum at all-inclusive armband tyder mafia, og denslags skal alltid overlatst til det lokale politiet. Forklarte André.

Godt fornøgde med nok ein vellukka ekspedisjon bretta dei tre ekspertetterforskarane ut The Tribune igjen og tok seg ei kald pils for å feire. Kven som var blitt bortført av mannen med kostebarten kom dei aldri til bunns i, men dei var jo trass alt på ferie og noko skal jo overlatast til Interpol óg.

Denne historia er inspirert av verkelege hendingar, og summerer godt opp formiddagen vår i Platja del rintintin.

Catalonian nights.

IMG_20130706_150155Etter at me hadde funne att André og fått oss litt lunch. Var det på høg tid å skrive gårsdagens blogginnlegg og tinge hotell for dei næraste dagane. Me tok med oss laptopen og kvar vår International Herald Tribune ut i solveggjen og knattra ned litt oppdateringar for dykk heime. Etter kort diskusjon var me einege om at desse temperaturane ikkje var noko for enkle storabuar og at me burde komma oss litt nordover igjen. Me peikte oss ut eit par byar på den franske rivieraen og tinga oss hotell der for dei næraste dagane. Med the administrative detail unnagjort vendte me attende til middelhavet for ein forfriskande eftermiddags-dukkert. EIn dusj og litt fjelging seinare var me klare for ein blåkopi av kvelden før.

Me åt middag på ein nogle turistprega resturant, med middelmådig mat og enda meir middelmådig Tinto del casa (husets rødvin), og spasserte frå pubb til pubb nedover hovudgata. Me fekk notert oss nokre ammendments til doktorens reisekotyme og talte vidfløktig om tema me ikkje lenger hugsar noko av. Kvelden vart tradisjon tro runda av på den dårleg unnskuldingen for ein irsk pubb i enden av gata. På «irsk» pubb i Spania drakk me Nederlandsk øl og runda av kvelden med litt fin fin nattmat. Crépes med Nutella.

Tingenes tilstand.

No er me i bilen på veg mot Montpellier der me mistenkjer at me har sikra oss det røtnaste hotellet nord for Shara, men bilen presterer like godt som alltid og stemninga er god. Me har konkludert med at air condition kanskje har sine kvalitetar, men å ha alle vindauga opne og sitja å skrika til kvarandre er kjekt det óg.

 

-Vidar

4 thoughts on “Catalonia

  1. Det er greit det Andre,at eg sa eg ønskte meg arband frå utlandet.Men eg meinte ikkje at du skulle følgje etter dei lokale senjoritas 🙂 Sjølv om dei har fine armband.Skulle du kansje spørre kor dei var å få kjøpt,for du hadde jo sjølvsagt di gamle mor i tankane 🙂

  2. HEI!!! Da e så vanvittig kjekt å følla dåke på tur. Håpa dåke kosa dåk masse. Eg glede men masse kvar dag te å lesa dei nye blogg innleggene å kose meg med kvart innlegg. Ha en strålande tur og måtte volvoen holde heilt heim 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s