Le Tour de France

Torsdagsmorgon var me tidleg oppe for sjå nokre av tursistatrasjonane i nærleiken. Me hadde kvelden før bestemd oss for å låna kvar vår sykkel på hotellet og sykla longs kysten i avslappande fart. Då me var ferdige med frukosten og hadde fått lånt oss sykklar i ti-tida sette me ut på dagens ekskursjon.

IMG_1818Det var lettskya pent vær og finfin sykkeltemperatur i overkant av 20 grader. Me fulgte dei velhodte sykkelstiane ut mot det me tok for å væra sentrum av ein tettstad i nærleiken. På vegen stogga me på  ein resturant ute på ein pir, slik at me slapp å anka på kva tid me skulle få oss dagens første iskalde. Når pilsen var oppdrukken rigga me oss tilbake på det me allreide mistenkte og skulle seinare smerteleg få erfare at ikkje var sykkelens Rolls Royce. Seta hadde allreide sett sine spor i skjøre norske herrerumper og det var ingenting som tyda på at kjøretøyet var bygd for verken fart og spenning eller kos og komfort.

Med våre tre gir/tregir og ballongdekk kom me omsider fram til det me trudde var sentrum, Det hadde lite til felles med Paris og Brussel, men var ikkje heilt ulikt handlebyen Nordhuglo. Me var ikkje ute på shopping så det passa oss eigentleg greit. Me plukka me oss litt ost, brød, le vin rouge og eit par pils på landhandelen og styrte valdtektssykklane i retning europas lengste samanhengande sandstrand.

IMG_1823Stranda viste seg, som me kanskje burde ha forventa, å væra nokså long og stort sett for brei til å kunne spassere frå vegen og ut til sjøen, men me gav ikkje opp av den grunn. Etter det som virka som ein evighet kunne me omsider parkere torturredskapa ved ei høvande strand. Stranda var utstyrt med eigen badevakt og rikeleg med topplause franske bestmødre. I løpet av sykkelturen hadde skydekket løyst seg og me hadde no strålande solskinn. Me braut brød oss i mellom og tok oss ei pils til osten. Me venta av prinsipp ikkje den obligatoriske timen etter mat med å bada. Stephen Fry seier det er ei skrøne eller gammal overtru og om Stephen seier det, så er det sant. Badetemperaturen var ikkje noko å skriva heim om, men den kan ikkje ha vore så gale heller for eg sit jo her og skriv heim om den. To punkt var kryssa av på «the bucket list», bade i biscayabukta og myse på gamle skinn på europas lengste samanhengande sandstrand og me sette ut for å få det siste krysset. Sjå Europas største sanddyne.

IMG_1826Til sterke protestar frå våre repektive akterspeil tvingte me oss opp på steinsykkelsetet. Sekstanten peikte ut kursen og me fulgte lydig etter styrmann Nielsen, han er jo trass alt gammal speidar og har brevkurs i geopolitisk samarbeid. Det viste seg dette var ein av dei mange tinga Doktoren får til. Etter berre ein dryg time på sykkelen kunne me spisse blyantane og setje ein stor X ved det siste punktet. Ved foten av Dune du pilat tørstedrakk me le vin rouge, men valgte ikkje å bestiga den då den trass alt er høg og laga av sand…

IMG_1829På veg heim stogga me innom Mc Donalds for å smaka den berømte Royal Chese som dei fører i Frankrike. Me sjekka samstundes kor longt me hadde sykla og det viste seg at me hadde vore under tortur i over 5 mil. Etter at me hadde parkert våre overgrepsmenn staka me ut kurs mot hotellbasenget, me gjekk innom på lugaren for å leggja frå oss tinga våre og det vart brått hummarstemning då me såg oss sjølve i spegelen. Mads kom best i frå det med berre litt raud nakke. André og eg var raude som brannhydrantar frå panna til tottelottane. Eller dvs. André var ikkje raud på tottelottane då han er galen og fører sokkar i sandalane. Etter badet runda me av kvelden med middag på den samme resturanten som førre dagen og drakk etterpå opp resten av le vin rouge.

No sit eg og svettar på eit hotellrom i Spania medan dei andre er i bassenget, så dette orkar eg ikkje lenger. Fleire bilete er å finna i Andrès dropbox, 35 grader og sol here i come, snakkes.

-Vidar

1 thought on “Le Tour de France

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s