Musevisa

God morgon godtfolk, som lova får de ein tidleg oppdatering i dag då me ligg litt på etterskudd. Tysdag nytta me dagen i Disneyland og kvelden i Paris. Meir om Paris kan de lese i Doktorens reisebrev som følger nederst i bloggposten.

IMG_1752Me var tidleg oppe og då doktoren hadde valgt å lukke vinduet i løpet av natta var atmosfæren på lugaren umiskjenneleg lik noko ein forventar seg på russisk bordell. Dette hjalp nok på at me kom oss raskt ut av hotellet og sette kursen mot togstasjonen. Me plukka med oss nokre croisantar på vegen og frykta berre for livet på ein tre-fire gongfelt. Vel inne på togstasjonen gjekk me rett på toget og byrja på det som skulle visa seg å vera noko me fekk til. Eit togbytte og ein del klippetiklopp seinare var me framme i Parc Disney som dei lokale kallar det. Me gjekk i den kølause turistinformasjonen og spurte om kor me kunne få kloa i eit par bilettar. Den hjelpsomme informatrisa svarte på sin finaste Alló alló-fransk at om me berre skulle ha dagspass så kunne me kjøpe det hjå ho. Me langa over ein neve med franske trepengar og gjekk strakt inn i eventyrland.

IMG_1767

Doktoren er vorten snakeoil salesman på sine gamle dagar.

Vél inne i nordeuropas største turistfelle sveipa me bilettane våre i «fast pass»-automaten til Space Mountain, eller slepp-å-stå-i-kø-heile-dagen-maskinen som det heiter på nynorsk og tussla for å sjå om det var høve til å få seg ein prinsessekjole. Det var absolutt høve til å få seg nytt aftenantrekk, men eg trur det var retta meir mot yngre herrar en oss, kanskje ikkje eingong mot herrar i det heile. Eg greidde iallfall ikkje å komma meg nedi verken Askepott eller Snøkvit-kjolen. Med litt lengre underlepper vendte me attende til Space Mountain. Der fekk me raskt rista av oss underleppa og kom ut igjen med eit stort glis. Me fekk mykje ut av dagen, men det vart jo ein del gåing. Litt utpå dagen fekk me oss lunch og fekk sitja litt. Då konstruerte me ein slagplan for resten av dagen. Me tok oss ein runde på dei mest interessante atraksjonene, handla litt suvenirar og sette kursen mot storbyen igjen. Slik kunne me gjera opp for det manglande besøket dagen før.

IMG_20130702_182011

Her er eit bilete av tossne turistar som tek bilete av Louvren.

Som lommekjend i Paris, eg har jo trass alt trødd mine barnesko der ein dag her for ein 4-5 år sidan, tok eg med Andrè og doktoren til Paris for å bli rana, slik Marius og eg vart forrige gong me var i Paris. Det fekk dei til. Me var ikkje eingong kommen over Seinen før dei vart rundlurt av nokre døve jenter som lata som om dei bedreiv underskriftskampanje, men som eigentleg berre lurte deg til å skriva under på noko på eit språk ein ikkje forstår for å så krevja deg for ein hundrelapp eller to. Eg som har vore i storbyen før lot meg sjølvsagt ikkje pille på nasen så lett og unngjekk det heile med ein «pardon, ryk og reis».

Meir om Paris kan de lese i doktorens reisebrev nedanfor.

-Vidar

 

Vyrde lesar.

Dei seier du fostår mykje av Paris i løp av dei fyrste stundene, resten må levast. Du finn det du leitar etter her.

Me ankom Paris tidlig på ettermidagen, via tog frå Disneyland eg hadde i utgangspungtet vert over gjennomsnittlig skeptisk til heil greia men eg vart gledelig overaska då det ikkje var så jævlig som eg hadde førespegla meg.

Paris er jo byen som kunstnartypar og forfattarar har hvalfarta til i lang over eit hundre år og eg fårstår no at det ikkje er utan god grunn, det var ein orgie av nye inntrykk, lukter og syn som får ei enkel skjel frå Åsringen til å få store auge.

Min kjenskap til Paris var ikkje så stor, det meste eg vit om byen har eg lært av Hemingway og Woddy Allen, frå boka The Sun Also Rises, der Hemmingway skildrar blandt anna kaffe og nattklubb senen i Paris på tyvetalet, og den relativt tragiske historien til Jake Barnes (tragiske historiar er vel ein gjenganger hjå Hemingway). Midnight In Paris er ei glad historie om ein kar som er på tur med forloveden i Paris, og får til på underlig vis å ta fleire turar tilbake i tid, til ca.1920 der han treff alle dei store idola sine (legg spesielt merke til Adrian Brody som Salvatore Dalí).

Så som dykk sikkert har oppfatta så var min viten om Paris noget utdatert, det hjalp då veldig at Vidar hadde vert i Paris på eit tidligare tidspung og var relativt ¨lommekjend¨(eg andbefal dykk å få Vidar til å fortelle dykk om hans og Marius sine eskepader i Franske hovudstaden). Han tok meg og André med på ei lang om visnig der me fikk med oss det meste av severdighetar, av slutta med ein fin middag på ein av dei lokale gateresturantane. Me fekk litt kort tid i Paris men eg vonar om at det er ein plass det kunne vert spanande å besøkt på ein seinare anledning.

Til the next time, Your’s always

Doktoren.

1 thought on “Musevisa

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s