Kollisjon med Volvoen!

Då me sette ut i frå Paris i morgonrushet på onsdagsmorgon var André noko uoppmerksam og tung på gasspedalen. Dette førte til at han marva volvoen oppetter ei svær søyle i parkeringshuset på hotellet i omlag 2 km/t. Skadane på Volvoen er minimale dvs. me greidde eigentleg ikkje heilt å sjå den evt. nye skaden eller om alt berre var gammal morro, søyla derimot fekk seg ein kraftig støkk. Det er nok ikkje kvar dag den kjem i nærkontakt med svensk kvalitetsmotorvogn.

IMG_20130703_151501

Finavêret nær Paris.

IMG_20130703_090452

Frukost på/under hotellet. Doktoren spenderer.

Vêret var mildt sagt under pari så me satsa på å komma oss lenger sør og det litt brennkvikt. Det tydde at det kom til å bli nok ein long dag i bilen så me smørde oss nokre baguettar som ein kjapp frukost og heiv oss ut av det Volvovonde parkeringshuset. Det angra me ikkje på. Det var ein 7 timars biltur planlagd for dagen og trafikken rundt Paris var ganske tett så me brukte ein del tid på å komma oss ut av ringvegen.

IMG_1807

Doktoren i kjend reisebrevpositur.

Vel ute tok me avgjersla, om å halda pitstopps til eit minimum og resten av turen gjekk glatt med eitt bensinstopp og eitt pissestopp. For å effektivisere dagen skreiv doktoren reisebrev, eg blogga og André tok seg av motorvognsføringa.

Me annkom destinasjonen, ein feriestad litt syd for Bordeaux, rundt klokka halv fem. Plassen hadde me funne litt småskjenkte i Paris for nokre dagar sidan. Det viste seg å være eit stykke utanfor allfarveg, men hotellet var fint og utstyrt med eige symjebasseng så me var ved godt mot. Då me hadde kjøleskap på lugaren syns me det var ei skam at det skulle stå tomt, så me tok oss ein kjøretur for å finne eit ølutsal.

IMG_1816

Veeeldig flink.

Me fann både øl og le vin rouge hjå den lokale Obs varianten og køyrde attende for å prøve noko av den kortereiste «maten» me hadde kjøpt oss. På veg ut av bilen valgte eg å setje ei av flaskene med le vin rouge på taket av Volvoen, men eg trur ikkje den fallt i smak for den rista den fort av seg og lurte den utover heile parkeringsplassen. Som ærleg nordmann på tur kosta eg sjølvsagt opp etter meg, men har fått høyre det som fortent av mine medsamansvorne.

20130703_202008

«Snarvegen» gjennom skogen.

Når me hadde drukke nok til å greie å lukke kjøleskåpet var det på tide med middag. Me hadde tidlegare sett oss ut ein resturant ikkje longt i frå hotellet og staka ut kursen mot den. Det me ikkje forventa var at doktoren skulle leggja ned veto og krevje at me heller skulle ta «snarvegen» gjennom skogen. Vegen var temmeleg nøyaktig akkurat like long som hovudvegen, men maten var heilt upåklageleg. Faktisk så god at me i skrivande stund er på veg ut døra for å vitja den samme resturanten i dag og det betyr at eg diverre er nødt å runde av dagens underhaldning, men følg med i morgon då kjem den kassiske historia om då me var på sykkeltur i halve Vestfrankrike.

Det vart ein del bilete for dykkar fornøyelse i dag. Gje gjerne tilbakemelding om det er ønskeleg å ha fleire bilete i bloggpostane. Gløym ikkje André sin dropbox, som inneheld dei fleste av bileta tekne med hans kamera.

-Vidar

1 thought on “Kollisjon med Volvoen!

  1. Kjør på med bilder 🙂 Reisebrevet er kveldens høgdepunkt! Volvoen imponerer!! Er vel ikkje utan grunn at det kan oversettes med «jeg ruller».

    Rull on!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s