Planen for mandagen var å forlata Brussel og køyra innom Brügge på veg til Paris. Me såg for oss at det skulle ta omlag fire timar pluss ein liten time med sightseeing i Brügge. Då me køyrde frå Brussel klokka ti, annslo me annokomst på hotelet vårt litt utanfor Paris i tre-fire tida og med ein kjapp dusj før me kasta oss på toget inn til byen var det ingenting som tyda på at me ikkje skulle vere i Paris seinast klokka fem. Det gjekk ikkje heilt slik.
Me kom oss ut av Brussel etter skjema og turen til Brûgge gjekk greit. Me var ein liten halvtime etter skjema, men me skulle jo berre raskt sjå alcovene i Koningen Astrid Park så me så ikkje så mørkt på det. Det viste seg at det var eit stykke å gå i frå sentrum og mykje å sjå på vegen, men me kom oss til parken. Det einaste problemet var at desse alcovane som me hadde blitt lova ikkje var så enkle å finna. Me gjekk ein runde i parken, men såg ikkje noko som kunne minna om alcovar, me bestemde oss for å nytte det gamle trikset med å ta bilete av alt og håpa på at eit av bileta er av ein av dei velkjende alcovane.
Me hadde no brukt så mykje tid at me bestemde oss for å ta lunch på torget i Brügge. Det vart ein dyr og ikkje spesielt mettande affære, men me var nødt å komma oss vidare. Klokka var blitt halv eit og me låg no godt etter skjema, den opprinnelege planen var å komma oss ut av Brügge omlag klokka halv 12. Det viste seg no at me ikkje hugsa kor me hadde parkert og me vart drivande gatelongs i ein halvtime for å finna bilen.
Tilbake på landevegen kryssa me grensa til Frankrike og hadde oss ein hyggeleg prat med lokalavisa, den heime altså ikkje Nordéclair. Nordèclair er lokalavisa for Lille og omegn. Den plukka me med oss for å kunne bevise at me var i Frankrike og at me framleis hadde med oss bilen. Sjå denne Google+ oppdateringa. Når me alikevell fyllte bensin og kjøpte lokalaviser fann me på at me kunne bøte litt på forseinkinga og den litt for lette lunchen ved å grille oss nokre pølser på motorblokka. Me kjøpte oss ein pakke med grillpølser og pakka dei inn i aluminiumsfolie, deretter plasserte me dei snuggly mot ein varm del av motoren og spannt ut på motorvegen igjen. Etter nokre minutt kjende me den umiskjennelege sneken av nygrilla pølser. Me køyrde ei stykke til og parkerte på ein rasteplass for å få oss litt varmmat. Pølsene var nydeleg steikte og gode på smak. Det denne bilen ikkje får til…
Når me nærma oss Paris utpå ettermiddagen byrja trafikken å ta seg opp og ikkje lenge etterpå var det full stopp. Me snigla oss innover og GPS-en melde om stadig meir forseinka annteken annkomst. Klokka seks var me endeleg kommen fram til hotellet. Når me hadde sjekka inn, fått oss ein ankerdram, oppdatert bloggen og dusja nærma klokka seg halv åtte. Me visste at det kom til å bli ein long dag med mykje tråkking i Disneyland dagen derpå og me hadde enda ikkje tinga oss hotell til onsdagen. Alt dette gjorde at me tok ei sjefsavgjersle om å ikkje reisa inn til sentrum, men heller kvila litt på hotellet og finna ut korleis me skulle komma oss ut til Disneyland neste dag. Det vart eit par kalde på pubben på hjørna og me tok med oss ei flaske vin frå kiosken opp på rommet. Ikkje lenge etter kom Jon Blund snikande og det vart nok ein tidleg kveld på oss.
Beklagar sein bloggoppdatering, men me skal gjere det opp med å poste neste allreide i morgon tidleg. Takk for tolmodet og interessa.
-Vidar
Saksopplysning:
Vedrørande «alcoves» så trur eg det er eit omgrep som i filmen skal referera til paviljongane i parken: «alcove = a recess, typically in the wall of a room or of a garden» (Oxford dict.), evt. sjå det arabiske opphavet «al-qobba = rom med kvelving». Det ordet kan derimot ikkje nyttast direkte oversett til norsk ettersom «alkove» i det norske språket vert brukt om «sengeplass innebygd i vegg/sengerom» (Språkrådet).
Btw, eg lo rått av grillpølsene dykkar!