Det er ikkje skikkeleg biltur utan eit par reperasjonar longs vegen, det fekk me til på veg mot Brussel. Ein berettning om drikkepress og kvalitetsmekanikk følger, les òg doktorens reisebrev under.
Me sette ut frå Hamburg tidleg på sundags formiddag, med eit mål om å vera i Brussel rundt klokka tre. Me kom oss raskt ut av byen og inn på motorvegen, men gleda var kortvarig. Allreide etter ein halvtime merka me at lyden i eksosen hadde endra seg betydeleg, me svingte av veien og inn på ein av dei mange bensinstasjonane. Det viste seg at holet i eksosanlegget som me tidlegare i vår reparerte med heat trace flesk, no hadde blåst vekk flesket og skapte ein ubehageleg rånebillyd. Det einaste varmebestandige dei hadde på den lokale bensinstasjonen var eit par med skinnhanskar så me klyppte til ein passand lapp av eine hansken og skrudde den fast der flesket hadde vore før. Når me starta bilen var lyden vekke så me kasta oss ut igjen på autobahn. Etter eit par hundre meter kjende me den umiskjenneleg sneken av svidd bacon og det tok ikkje long tid før lyden kom att, denne gongen med ein skjærande plystrelyd i tillegg. Me vrengte bilen av motorvegen og inn i ein liten by, denne bensinstasjonen var longt dårlegare utstyrt enn den forrige og dei hadde ingenting varmebestandig, det var stort sett berre øl dei hadde. Me nytta høvet til å fylla drivstoff medan doktoren vandra seg ein tur for å tenkja over problemet. Då doktoren kom attende sa han ingenting, men gjekk rett inn på bensinstasjonen, der kjøpte han seg ein halvliter med det lokale ølet, styrta den og gav meg boksen og ein lommekniv.
-Skjer opp boksen, og tre den rund eksosanlegget.
Sa han med stor overtyding. Eg fulgte doktorens annbefaling og heiv på eit par ekstra stålstrips. No er me 10 mil i frå Paris og eksosen har oppført seg upåklageleg så longt.
Dei uforutsette problema gjorde at annkomsten til Brussel vart litt seinare en planlagd og det hjalp ikkje at å køyra i sentrum av byen er ein tolmodighetsprøve. Når gps-en ikkje samarbeider blir det brått anda verre, men André presterte mesterleg og førte oss inn i eit parkeringshus nærast midt i byen. På veg ut av parkeringshuset innsinuerte doktoren at det berre var demokratar som tok heis og overtydde oss om at trappa var det ærlege alternativet. Det kan det handa at det er, men då me kom opp trappa stod me plutseleg midt i eit stengt kjøpesenter. Me dildra litt rundt utan å finne utgongen, men vart raskt innhenta av securitas vakta, etter ei lita skyllebøtte på eit spåk me ikkje forstod geleida han oss inn ei låst dør og ut av kjøpesentert. Me stod no 100 meter i frå hotellet det einaste problemet var at det visste ikkje me. Me sirkla rundt kvartalet eit par gonger før me krøyp til korset og kveikte i gpsen igjen. Med ein skråsikkerhet som berre gps-ar har gjore han det klart for oss at me skulle inn døra på vår ventstre side og ganske riktig der stod me i hotellobbyen.
Meir om våre eventyr i Brussel kan de lese i doktorens reisebrev som følger under.
-Vidar
Vyrde bebuar.
Til kven dette vil angå.
Brüssel er ein kjekk by, det hjalp jo litt at me ikkje budde langt faen i vold i eit industri område.
Etter vår innskjekt på hotellet prøved eg igjen å innsistera på at det er bare framstegs parti velgarar og speidarar som tek heis, men eg vart nedstemt. Me hadde oss ein lille ankerdram og ein kjap dusj på hotelet, før me tok beina fatt for å få oss litt av dette ølet som dei etter sigende har store mengdar av i Brussel. Det klarte me utan store problem, då Brussel i motsetning til Hamburg er full av pubar. Etter den fyrste pinten bega me oss på litt site seeing rundt i byn, Vidar var sjøl skreven guide då han (i følge seg sjøl) har trokka sine barnesko i Brussel. Då me budde mitt i sentrum var dei store tinga bare eit steinkast unna.
Grand Platz var fryste stopp, den oppfylte alle forventningar det var ein stor plass med masse bygningar i jogenstill, og Vidar hadde ei god historie på lur om då oldefar hans var arketekt på ein av bygningane, historia ente ikkje godt då han tok livet av seg når bygningen viste seg å vera ikkje heilt symetrisk. Vidare frå Grand platz bar turen til
Manneken pis, det var ein stor skuffelse, det skulle visse seg at dette verdkjende monumentet er ca. Treti cm. Høgt og ellers rimligt uinteressant. Etter dette store nederlaget var det bare ein ting å gjera; ta oss ei øl, den blei nyt på den lokale puben rett rundt hjørna
frå den forannemte statuen, me gikk for bartenderens andbefalingar og vart ikkje skuffa.
Etter ølet var det påtide med mat, me valgte å gå inn på den fyrste resturanten me traff på som selde kjøtt (André hadde dette som det einaste kriteriet til val av resturant). Me hadde eit framifrå måltid (eg og Vidar hadde snurre sprett og Andre gikk for Lambi) på den lokale belgiske resturanten og eg klarte å lavera å tippsa 50%.
Etter måltidet var det på tide med litt meir øl, og me stakk innom den anerkjende puben Delerium der dei skiltar med at dei har over to tusen sortar med øl, det er nokk utval til og med for hardbarka øl hudar som oss (eg kan seie med sikkerhet at me ikkje prøvde meir enn ein fjeredel av alt utvaelt)… Heilt kva tid me tok kveld er litt uklart men me er rimlig sikkre på at det var ein gang mellom 21.00 og 06.00.
Våre eskepader i frukosten og oppplevingar i Bruge kjem i neste brev.
Vyrdsamt
Doktoren.