Hamburg, ein by nord i Tyskland, heimstaden til ein tradisjonell norsk middag og eit folk kjend for godt tauhandtverk. Øl derimot, det får dei ikkje til. Det å finne ein dugande pubb i oktoberfestens heimland skulle visa seg å vera meir utfordrane enn me på førehand rsekna med.
Me annkom Hamburg laurdag ettermiddag etter ein long dag i bilen. Turen gjennom Danmark gjekk føre seg utan problem og utan noko nevneverdig å rapportere. Me hadde eit pit-stop i Ålborg for å tinga hotell og fann oss ein kombinert cafè, bibliotek og Belgisk kjellar. Hotellet me tinga var både litt for dyrt og litt for usentralt, men ein kan vell ikkje forventa å få alt når ein tingar eit par timar før annkomst. Etter ein rask kaffikopp bar det ut på landevegen igjen. Det viser seg at Volvoen stortrivs i 130 km/t på autobahn, men seier raskt i frå når ein bikkar 140. Då går den over frå å vera ein komfortabel svensk transportmaskin til å vera eit nervevrak av risting, vibrasjonar og slingring, men me kom som sagt velberga fram.
Vel framme i Hamburg tok me inn på hotellet me hadde tinga og tok oss den første av forhåpentleg mange ankerdrammar. Me hadde no vore vakne i nokon og 30 timar så me staka ut kursen mot det som tilsynelatande var pubbområdet, dusja og tok på oss spasserskona. Det viste seg at hotellet vårt låg i eit slags industriområde med bilforhandlarar og drosjeimportørar. Volvoen hadde me parkert like utanfor den lokale bilopphøggaren, men sjølv tyske bilopphøggar sjønnar vell at denne kvalitetsmotorvogen ikkje skal kastast så me lot den stå. Som nevnt var ikkje hotellet akkurat sentralt, men me fann sentrum etter ein liten time med spassering gjennom lugubre bakgater med hostels og nedlagde pubbar. Det me derimot ikkje fann var ein dugande pubb, men me bestemde oss får å finna oss litt middag og prøve igjen etterpå, det kan jo ikkje vera så vanskeleg å finna ei ølstove i bayerens heimland.
Middagen vart på ein triveleg resturant ikkje longt i frå haupbahnhofen, den hadde ypperleg akkustikk og det resonerte i heile bygget kvar gong eit tog passerte under(?) oss. Samtalen gjekk om laust og fast, men når me nevnte føraren eller gestapo fekk me nokre stygge blikk frå det lokale klientellet så me gjekk i gong med å definere nokre grunnreglar. Desse finn de i sin melombelse heilhet her, men regel nr. 1 er «Når ein er i Tyskland er det forbudt å nemna krigen» bota er satt til ein runde på den lokale pubben for overtramp. Når me hadde satt til livs kvar vår biff tipsa Mads servitrisa 30 euro og det skulande blikket me hadde fått då me diskuterte holocaust vart omgjort til eit stort smil. Midt under eftermiddags-sigaretten oppdaga doktoren at 30 euro var fleire hundre kroner og at det var småpene 50% av prisen på måltidet.
Mette og gode kunne jakta på pubb fortsetje eg veit ikkje heilt kva me tenkte då me gjekk inn på Alex, ein cocktail bar, men me burde har skjønt teikninga nå bartendaren bad oss om å setja oss ned så skulle han senda bort ein servitør. Me tinga oss eit par øl frå det mild sagt syltynne utvalet, mest for å vera greie, men óg litt for å ikkje virka for frekke når me spurte servitøren om det fantes ein skikkeleg pubb i nærleiken. Som einkvar anstendig seritør som skal føreslå ein god kveld ute til tre lett animerte utlendingar tilrådde han Reperbahn. Me spurte om det var noko i nærleiken, men han meinte at Reperbahn var eit steinkast unna med toget. Me takka for tipset og pusta letta ut då me kom oss ut derifrå. Jakten på pubb fortsette, me byrja leitinga etter toget til Reperbahn, men fekk raskt den stikkande kjensla av at dette kjem ikkje me til å få til snartenkt som André var spurte han ein lokal drosje sjåfør om han viste om ein pubb i umiddelbar nærhet, det gjorde han sjølvsagt. Inni eit smug bak ein pressening under eit stilas nedi ei kjellar fann me den lokale irske pubben. Dei førte ikkje noko av det gode lokale ølet me har høyrd så mykje om, men dei hadde både Guiness og Magners samt levande musikk av ein dreven trubadur, dette var pubb for oss. Det var heller ingen som såg stygt på oss når me snakka om Himmler. To nye reglar var fødd. Regel nr. 2 «Ein skal alltid ta turen innom den irske pubben om ein finn den» og regel nr. 3 «På irsk pubb gjeld ingen av reglane».
I skrivande stund er det sundag og me er attende på motorvegen med stø kurs mot Brussel. Me har føreteke eit par naudreperasjonar av bilen, så dei skal de få lesa om i morgondagens oppdatering.
-Vidar
syns André var hot på da bildet eg
høhø da høyrtes jo IKKJE skeift ut
han i midten ligna litt på Bruce Willis kanskje
god tur!!!!!!!!!!!
Uten tvil den beste bloggen eg har lest 🙂
Utan tvil den beste bloggen eg har skreve óg:-P