Dag 0,5 er tilbaklagd, me har forsert dørstokkmila og er kommen oss ut av moderlandet, så til dei av dykk som ikkje hadde trua på oss, HA HA! Me befinn oss i augneblinken midt i Kattegatt og går med eit par og førti mil med stødig kurs mot Danmark.
Turen til no har gått smertefritt og Volvoen er i si livs form. Det einaste me kan melda om er at det vart ein del venting i morgontimane då me las: «avgong 0645, insjekk startar ein time tidlegare» som
-«Øøøh, var det ikkje i seksdraget båten gjekk?»
-«Jo, men eg trur det var insjekk seinast ein time tidlegare.»
-«Okay, me lyt vera der i halv fem draget me då»
Når me i tillegg ikkje greidde å venta med å komma oss ut dørane, hadde planlagd rikeleg med tid og ikkje hadde nokon stopp på vegen var me sjølvsagt i Kristiansand litt før klokka fire.
Ellers kan me melda om at Volvoen ikkje akkurat er ei seng, men snarare ein insomniamaskin. Dette har ført til at søvn har vore opp i mot fråverande denne natta. Heldigvis skal me berre køyra ein fem-seks timar på andre sida. Planen er å innfinne oss i Hamburg i løpet av eftermiddagen og feire bragden med bratwûrst og bayer.
Fleire oppdateringar følger når/om me finn att verdsvevtilhøve samt er meir eller mindre edru og vakne.
-Vidar
God tur og måtte Volvoen holde heile vegen heim. 🙂
Spennande å sjå om dykk møter på Tour De France feltet! eg skal følga med på Tv og speida etter Volvoen!
Me too!
Heia heia! Eg vonar dykk hell og lykke 🙂
Fear and loathing in western Europe.