Forberedingane fortset.

Me har dei siste vekene fortset forberdingane til turen. Det har ikkje vore så mykje interessant å fortelja om undervegs, men då det no er gått nokre veker er det vell på høg tid med ei oppdatering.

Teknisk.

Som de sikkert har oppdaga har eg flytta bloggen over på eigen server. Dette vart gjort då wordpress.com nekta meg å nytta javascript og iframes. Det er ikkje sikkert det vert mykje brukt, men eg likar å ha høve og fridom til å gjere det eg sjølv vil med bloggen. Eg har allreide lista inn eit lite javascript som de ser øverst i høgre sidebar. Denne kjem til å telje ned til avreise dei neste månadane og skal telje kor lenge bilen har holdt når turen startar. I samband med flyttinga bestemde eg meg for å peike vhaslum.com direkte til bloggen då eg eigentleg ikkje driv med så mykje anna for tida. Eg har flikka litt på layout og ordlyden i nokre setningar men andre store endringar har det ikkje vore på den tenkniske sida.

Mekking og bilstatistikk.

Ny og gamal

Ny og gamal

Før André reiste på jobb fekk me luka ut eit problem med kjølinga på bilen. Me føretok litt feilsøking etter kok-regulatoren-og-sjå-kva-som-skjer-prinsippet og det viste seg at regulatoren var i nokså dårleg forfatning. Me erstatta den gamle med ein ny regulator av fiin Biltema-kvalitet og resultatet var over all forventing, me fekk det faktisk til utan å øydeleggje noko. Nyt gjerne det nye korte, men presise biletegalleriet.

Eg har no pendla til Fitjar i Volvoen i eit par veker og den ser ut til å virke ganske bra, eg har ikkje oppdaga nokon feil eller manglar som kan få betydning for turen, dette betyr sjølvsagt ikkje at det ikkje fins, men eg er førebels overraska over kor godt det virkar. Eg har óg fått fyllt drivstoff på udyret og med mine beskjedne mattekunskapar kalkulert at den brukar omlag 0.9 liter 95 blyfri per mil køyring. Den høgst usannsynlege reiseruta er omlag 1000 mil, det skal altså gå rundt 900 liter bensin, med ein snittpris i overkant av kr 12.50 i Europa vil det kosta oss drygt 10000 kr i drivstoff. Forhåpentleg vert ikkje ruta så long som 1000 mil og forhåpentleg brukar den litt mindre drivstoff på longkøyring, men det er ikkje tvil om at drivstoff blir ein av dei største utgiftspostane i projektet. Andre store utgiftspostar er heilt uvitenskapeleg anteke å bli overnatting og mat/drikke.

Pressefoto.

Høvelege alpeluer

Då André ikkje hadde alpelue eller stripete sjorte (jfr. om sida) har eg nytta høvet til å tinga eit par knallfine alpeluer på ebay, prisen vart usle sju dollars for tre alpeluer. Desse skal brukast saman med stripete sjorte, sigarettar og baguettar på eit framtidig «pressebilete», samt i Frankrike om me kjem så longt.

Baskerluene er ankommne og me sastsar på å få teke eit «pressebilete» ein dag alle er heime og det er litt habilt vêr. Altså, ikkje med det første.

-Vidar 

By failing to prepare, you are preparing to fail.

-Benjamin Franklin

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s