Hello world/europe

Bilen med sumardekk etter første reperajonsrunde.

Bilen med sumardekk etter første reperajonsrunde.

Me nermar oss Europatur og tykkte det var på høg tid å få i gong ein reiseblogg, dette er første avsnitt det me håpar vert ein long og detajert berettning om vårt eventyr gjennom europa.

Forberedingane er i gong. Me har laga eit lite forslag til korleis reiseruta kan bli om bilen held (med andre ord, det blir ikkje denne ruta) og gjort eit par meir eller mindre naudsynte reperasjonar.

Me har i helga mellom anna bytta til sumardekk. Kanskje ikkje den største reperasjonen, men det hadde jo teke seg ut å komme til Nice i midten av Juli med piggdekk så det måtte gjerast. Det eine dekket var tomt for luft og litt skeivt slitt. Dette er antageleg grunna ein mindre lekasje i dekket. Me har fyllt luft og det vart ikkje umiddelbart flatt igjen så me ser ingen grunn til at det ikkje skal tåle 200 km/t på Autobahn så lenge me fyller luft etter behov. Etter at dekka var bytta skifta me ut dei orginale Volvo-høgtalarane som var både sprengte og sundspende. Dei var erstatta med høgtalarar av fiin kvalitet kjøpt for omlag 150 kr hjå Biltema. Det var ikkje noko merkbart bedre lyd, men dei er i det minste nyare. Ein plass vart det derimot merkbart bedre lyd, me har nemeleg

"Reservedelar"

«Reservedelar»

lappa eit hôl i eksosanlegget. Det vart gjort med det me fann av «reservedelar» i garasjen (sjå bilete). Den umiskjennelege lyden av hôl forsvann, men det ser ut til at den muligens ikkje er ein varig løysing då det allreide etter ein snartur til Sagvåg byrjar å dette i frå kvarandre. Me har óg føreteke eit sårt tiltrengt uljeskift, så no nermar Volvoen seg turklar. Røyst gjerne til høgre her på kor longt du trur me kjem, ref. den høgst usannsynlege reiseruta.

-Vidar

Some men take good care of a car; others treat it like one of the family.

-Evan Esar

2 thoughts on “Hello world/europe

  1. To travel is to discover that everyone is wrong about other countries.
    Aldous Huxley
    Eventuelt:
    When the going gets weird, the weird turn pro.
    Hunter S. Thompson

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s